Wo soll ich fliehen hin
Utsjånad
BWV 5 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 15. oktober 1724 15. oktober 1724 | ||
Publiseringsdato | 1851 | ||
Typisk lengd | 18:57 |
Wo soll ich fliehen hin, BWV 5, er ein kantate av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig for den nittande sundagen etter treeiningssundag og vart først framført 15. oktober 1724. Han er basert på ein koral med same namn av Johann Heermann.
Stykket er skriven for to oboar, tromba da tirarsi, strykarar, (fiolinar, bratsjar og basso continuo), songsolistar og kor. Det består av sju satsar, i g-moll med mindre anna er nemnt:
- Kor: «Wo soll ich fliehen hin» -Alt, tenor og bassstemmer syng frie kontrapunkt, medan sopranen syng koralen reint i lange tonar.
- Resitativ: «Der Sünden Wust hat mich nicht nur befleckt» - for basso og continuo.
- Arie: «Ergieße dich reichlich» - ein tenorarie med solobratsj og continuo (Ess-dur).
- Resitativ: «Mein treuer Heiland tröstet mich» - for alt, obo og continuo (g-moll modulert til c-moll).
- Arie: «Verstumme, Höllenheer» - for bass, tromba, strykarar og continuo (B-dur).
- Resitativ: «Ich bin ja nur das kleinste Teil der Welt» - for sopran og continuo.
- Koral: «Führ auch mein Herz und Sinn» - det siste verset for koral, sungen og spelt av heile ensemblet
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Cantatas, BWV 1-10: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Vokalpartitur for stykket
- Tysk tekst med engelsk omsetjing Arkivert 2008-10-28 ved Wayback Machine.
- Kommentarar om stykket
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wo soll ich fliehen hin, BWV 5» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2010.