Weinen, Klagen, Sorgen, Zagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Weinen, Klagen, Sorgen, Zagen
BWV 12
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1714
Første framføring 22. april 1714
Publiseringsdato 1852
Typisk lengd 23:40

Weinen, Klagen, Sorgen, Zagen, BWV 12, er ein kantate av Johann Sebastian Bach. Kantaten spring ut frå Weimar-perioden til Bach. Han vart først framført i hoffkapellet i Weimar den tredje sundagen etter påske, den 22. april 1714. Ein trur teksten, som skildrar sorga til dei kristne, må vere skriven av Salomon Franck, hoffdiktaren i Weimar.

Kantaten er skriven for sopran, alt, tenor, bass, obo, trompet, fagott, to fiolinar, to gambe og basso continuo. Det er sju satsar, i F-moll, bortsett frå der anna er nemnt:

  1. Sinfonia – for obo, to fiolinar, to bratsjar da gamba og basso continuo med ein fagott. So for mange av dei tidlege kantatane til Bach opnar verket med ein kort instrumentalpassasje, merka som adagio assai, med ein utrykksfull og enkel solo-obo.
  2. Koral «Weinen, Klagen, Sorgen, Zagen» – for sopran, alt, tenor, bass, to fiolinar, to bratsjar da gamba og basso continuo med ein fagott. Openingskoralen er bygt på ein basso ostinato, i ein gammaldags 3/2 passacaglia. Orda vert kvar for seg uttalt med ein annan vokaldel, som overlappar den neste. Den midtre delen har ein noko meir festleg kjensle og modulerer til Ess-dur.
  3. Resitativ «Wir müssen durch viel Trübsal» – for alt, to fiolinar, to bratsjar da gamba og basso continuo med ein fagott, dette er den einaste resitativen i kantaten, som stadfester at dette er ein gammaldags kantate. (C-moll)
  4. Arie «Kreuz und Kronen sind verbunden» - for alt, obo og basso continuo. (C-moll)
  5. Arie «Ich folge Christo nach» ("I follow after Christ") – for bass, to fiolinar og basso continuo. (Ess-dur)
  6. Arie «Sei getreu, alle Pein» – For tenor, trompet og basso continuo. Samstundes med tenorlinja, spelar trompeten koralmelodien Jesu, meine Freude, ein komposisjonsteknikk frå det sentrale Tyskland på 1600-talet. (G-moll)
  7. Koral «Was Gott tut, das ist wohlgetan» (B-dur)

Bach skreiv om materialet frå den første koralen og danna Crucifixus-satsen i Credo i Messe i H-moll.

Media[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]