Ich freue mich in dir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ich freue mich in dir
BWV 133
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1724
Første framføring 27. desember 1724
Publiseringsdato 1881
Typisk lengd 19:47
Satsar 6

Ich freue mich in dir, BWV 133, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for tredje juledag. Stykket vart framført på nytt etter 1740 i Leipzig.

Teksten er skriven av Kaspar Ziegler (første og siste sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar (C.S. Terry foreslår Christian Weiss den yngre)

Koraltemaet er basert på salmen «O Gott, du frommer Gott». Ein kjenner ikkje til kven som komponerte denne melodien eller når. Melodien kom først på trykk i 1738.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for zinke, to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av 6 satsar:

  1. «Ich freue mich in dir», Koral
  2. «Getrost! es faßt ein heil'ger Leib», Arie for alt
  3. «Ein Adam mag sich voller Schrecken», Resitativ for tenor
  4. «Wie lieblich klingt es in den Ohren», Arie for sopran
  5. «Wohlan, des Todes Furcht und Schmerz», Resitativ for bass
  6. «Wohlan, so will ich mich», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]