Es ist dir gesagt, Mensch, was gut ist
Hopp til navigering
Hopp til søk
Es ist dir gesagt, Mensch, was gut ist BWV 45 Kantate av Johann Sebastian Bach | ||
Sjanger | Koral | |
---|---|---|
Periode | Barokken | |
Komponert | 1726 | |
Første framføring | 11. august 1726 | |
Publiseringsdato | 1863 | |
Typisk lengd | 19:18 | |
Satsar | 7 | |
Tekst av | Bibelsk, Johann Heermann og ukjende |
Es ist dir gesagt, Mensch, was gut ist, BWV 45, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1726 for den åttande sundagen etter treiningssundag, som dette året var 11. august.
Teksten er skriven av fleire forfattarar:
- Mika 6: 8 - sats 1
- Evangeliet etter Matteus 7: 22-23 (sats 4)
- Johann Heermann (sats 7), ein koral frå 1630.
- Resten av satsane er av ukjend forfattar.
Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]
Stykket er instrumentert med to tverrfløyter, to oboar, to fiolinar, bratsj, bass continuo med orgel, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar:
- «Es ist dir gesagt, Mensch, was gut ist», Koral
- «Der Höchste läßt mich seinen Willen wissen», Resitativ for tenor
- «Weiß ich Gottes Rechte», Arie for tenor
- «Es werden viele zu mir sagen», Arioso for bass
- «Wer Gott bekennt aus wahrem Herzensgrund», Arie for alt
- «So wird denn Herz und Mund selbst von mir Richter sein», Resitativ for alt
- «Gib, daß ich tu mit Fleiß», Koral
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- James Leonard. «Es ist dir gesagt, Mensch, was gut ist». Allmusic. Henta 9. april 2010.
- «Es ist dir gesagt, Mensch, was gut ist». Bach Cantatas. Henta 9. april 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Piano- og songpartitur for BWV bwv1 på bach-cantatas.com