Gott ist unsre Zuversicht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gott ist unsre Zuversicht
BWV 197
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1728
Første framføring 1736-1737
Publiseringsdato 1864
Typisk lengd 28:14
Satsar 10

Gott ist unsre Zuversicht, BWV 197, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1728 for eit bryllaup.

Teksten er skriven av Martin Luther (femte sats) etter Georg Neumark (sats 10), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar. Opphavleg vart han komponert som ein julekantate, Ehre ist Gott in der Höhe i Leipzig i 1728, som i dag er tapt. Bryllaupskantaten vart framført i Leipzig i 1736-1737

Koraltemaet er basert på salmen «Wer nur den lieben Gott läßt walten». Denne er skriven av Georg Neumark (1621-1681) og først trykt i Fortgepflantzter Musikalisch-Poetischer Lustwald i Jena i 1657, men opphavet til både tekst og melodi kan sporast tilbake til Kiel i 1641.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, to oboar, obo d’amore, to transvers fløyter, to fagottar, strykarar og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, alt, bass) og firedelt kor.

Det består av ti satsar:

  1. «Gott ist uns're Zuversicht», Koral
  2. «Gott ist und bleibt der beste Sorger», Resitativ for bass
  3. «Schlafert aller Sorgen Kummer in den Schlummer», Arie for alt
  4. «Drum folget Gott und Seinem Triebe», Resitativ for bass
  5. «Du susse Lieb', schenk' uns deine Gunst», Koral
  6. «O du angenehmes Paar», Arie for bass
  7. «So wie es Gott mit dir getreu und vaterlich von Kindes beinen angemeit», Resitativ for sopran
  8. «Vergnugen und Lust, Gedeihen und Heil», Arie for sopran
  9. «Und dieser forhe Lebenslauf wind bis in spate Jahre wahren», Resitativ for bass
  10. «So wandelt froh auf Gottes Wegen», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]