Halt im Gedächtnis Jesum Christ
BWV 67 Kantate av Johann Sebastian Bach | |
Sjanger | Koral |
---|---|
Periode | Barokken |
Komponert | 1724 |
Urframføring | 16. april 1724 |
Publiseringsdato | 1868 |
Typisk lengd | 14:46 |
Satsar/akter | 7 |
Toneart | A-dur |
Halt im Gedächtnis Jesum Christ, BWV 67, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for første sundag etter påske.
Teksten er henta frå Paulus’ andre brev til Timoteus 2: 8 (første sats), Nikolaus Herman (fjerde sats), Evangeliet etter Johannes 20: 19 (sjette sats), Jakob Ebert (sjuande sats) og opphavet til resten ukjend, men Wustmann & Neumann foreslår Christian Weiss den eldre, medan andre foreslår Salomo Franck. ; John 20: 19 (Mvt. 6)
Koraltemaet er basert på salmane «Du Friedefürst, Herr Jesu Christ» etter Jakob Ebert (1601) og «Erschienen ist der herrlich Tag» etter Nicolaus Herman (1560).
Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]
Stykket er instrumentert for valthorn da tirassi, tverrfløyte, to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj, orgel continuo , samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av 7 satsar:
- «Halt im Gedächtnis Jesum Christ», Koral
- «Mein Jesus ist erstanden», Arie for tenor
- «Mein Jesu, heißest du des Todes Gift», Resitativ for alt
- «Erschienen ist der herrlich Tag», Koral
- «Doch scheinet fast», Resitativ for alt
- «Friede sei mit euch», Arie for bass
- «Du Friedefürst, Herr Jesu Christ», Koral
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Halt im Gedächtnis Jesum Christ». Bach Cantatas. Henta 10. april 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Piano- og songpartitur for BWV 67[daud lenkje] på bach-cantatas.com