In allen meinen Taten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
In allen meinen Taten
BWV 97
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1734
Første framføring 1734
Publiseringsdato 1875
Typisk lengd 27:44
Satsar 9

In allen meinen Taten, BWV 97, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1734, kanskje for eit bryllaup. Han vart framført to gonger til av Bach i Leipzig, ein gong i 1735-1740 og ein gong i 1740-1747.

Teksten er skriven av Paul Fleming.

Koraltemaet er basert på salmen «O Welt, ich muß dich lassen» og melodien til denne vart truleg komponert av Heinrich Isaac, omkring 1490. Isaac nytta ein verdsleg tekst til melodien.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar, to fagottar, fiolin obbligato, strykarar, cello og orgel i basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av ni satsar:

  1. «In allen meinen Taten», Koral
  2. «Nichts ist es spat und frühe», Arie for bass
  3. «Es kann mir nichts geschehen», Resitativ for tenor
  4. «Ich traue seiner Gnaden», Arie for tenor
  5. «Er wolle meiner Sünden», Resitativ for alt
  6. «Leg ich mich späte nieder», Arie for alt
  7. «Hat er es denn beschlossen», Duett for sopran & bass
  8. «Ihm hab ich mich ergeben», Arie for sopran
  9. «So sei nun, Seele, deine», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]