Schauet doch und sehet, ob irgend ein Schmerz sei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Schauet doch und sehet, ob irgend ein Schmerz sei
BWV 46
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1723
Første framføring 1. august 1723
Publiseringsdato 1860
Typisk lengd 17:39
Satsar 6
Tekst av Bibelen, Johann Matthäus Meyfart og ukjend diktar

Schauet doch und sehet, ob irgend ein Schmerz sei, BWV 46, er ein kantate av Johann Sebastian Bach, skriven for tiande sundag etter treeiningssundag, og først framført 1. august 1723, det første året Bach var i Leipzig.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Kantate er skriven for alt-, tenor- og bassolistar, kor, to blokkfløyter, to obo da caccia, «zugtrompete» (ein trompet stort sett i samklang med korsopranen), to fiolinar, bratsj og basso continuo. Dette er ei uvanleg rik instrumentering for ein vanleg sundag. Teksten for første satsen er teken frå Klagesongane 1:12, sats 2 til 5 er av ein ukjend diktar og den siste koralen er vers 9 av «O großer Gott von Macht» av Johann Matthäus Meyfart.[1]

  1. Koral: Schauet doch und sehet, ob irgend ein Schmerz sei
  2. Resitativ (tenor): So klage du, zerstörte Gottesstadt
  3. Arie (bass): Dein Wetter zog sich auf von weiten
  4. Resitativ (alt): Doch bildet euch, o Sünder, ja nicht ein
  5. Arie (alt): Doch Jesus will auch bei der Strafe
  6. Koral: O großer Gott von Treu

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dürr, Alfred. 1971. «Die Kantaten von Johann Sebastian Bach", Bärenreiter (tysk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]