Höchsterwünschtes Freudenfest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Höchsterwünschtes Freudenfest
BWV 194
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1723
Første framføring 2. november 1723
Publiseringsdato 1881
Typisk lengd 40:45
Satsar 12

Höchsterwünschtes Freudenfest, BWV 194, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1723 for treeiningssundag og framført i Störmthal. Stykket vart framført på nytt 4. juni 1724, 16. juni 1726 og 20. mai 1731, alle i Leipzig.

Teksten er skriven av Johann Heermann (sjette sats) og Paul Gerhardt (første og andre sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaa er basert på salmane «Freu dich sehr, o meine Seele» og «Nun laßt uns Gott dem Herren». Den første salmen er komponert av Louis Bourgeois for salmen hans «Ainsi que la biche rée» i samlinga Pseaumes octante trios de David frå Geneve, 1551. Denne er basert på den verdslege songen «Ne l’oseray je dire» frå Manuscrit de Bayeux (ca. 1510). Den andre salmemelodien er skriven av Nikolaus Selnecker og kom først på trykk i Christliche Psalmen Lieder vnd Kirchengesenge i Leipzig i 1587.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for tre oboar, fagott, to fiolinar, bratsj, orgel og basso continuo, samt to songsolistar (sopran, tenor) og firedelt kor.

Det består av tolv satsar:

  1. «Hochsterwunschtes Freundenfest», Koral
  2. «Unendlich grosser Gott, ach wende dich zu uns», Resitativ for bass
  3. «Wass des Hochsten Glanz erfullt», Arie for bass
  4. «Wie konnte dir, du hochstes Angesicht», Resitativ for sopran
  5. «Hilf, Gott, das es uns gelingt», Arie for sopran
  6. «Heilger Geist ins Himmels Throne», Koral
  7. «Ihr Heiligen, erfreuet euch», Resitativ for tenor
  8. «Des Hochsten Gegenwart allen», Arie for tenor
  9. «Kann wohl ein Mensch zu Gott», Resitativ for sopran & bass
  10. «O wie wohl ist uns gescheh'n», Duett for sopran & bass
  11. «Wohlan demnach, du heilige Gemeine», Resitativ for bass
  12. «Sprich Ja zu meinen Taten», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]