Nur jedem das Seine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nur jedem das Seine! Nur jedem das Seine!
BWV 163
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1715
Første framføring 24. november 1715
Publiseringsdato 1887
Typisk lengd 15:36
Satsar seks

Nur jedem das Seine! Nur jedem das Seine!, BWV 163, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1715 for den 23. sundagen etter treeiningssundag.

Teksten er henta frå Salomo Franck (sats 1-5) og Johann Heermann (sjette sats)

Koraltemaet er basert på salmen «Wo soll ich fliehen hin» og «Auf meinen lieben Gott». Melodien er basert på ein verdsleg song av Jacob Regnart (1540{?} - 1599) med tittelen «Venus, du und dein Kind seid alle beide blind». Denne fanst i samlinga Kurtzweilige teutsche Liedlein / nach Art der Neapolitanen oder welschen Villanellen frå Nürnberg i 1574.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to fiolinar, bratsj, to fiolonsell obligato og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Nur jedem das Seine», Arie for tenor
  2. «Du bist, mein Gott, der Geber aller Gaben», Resitativ for bass
  3. «Lass mein Herz die Munze sein», Arie for bass
  4. «Ich wollte dir, o Gott, das Herze gerne geben», Resitativ for sopran & alt
  5. «Nimm mich mir und gieb mich dir», Duett for sopran & alt
  6. «Fuhr auch mein Herz und Sinn», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]