Gott, wie dein Name, so ist auch dein Ruhm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gott, wie dein Name, so ist auch dein Ruhm
BWV 171
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1728
Første framføring 1. januar 1729 eller 1730
Publiseringsdato 1888
Typisk lengd 16:08
Satsar 6

Gott, wie dein Name, so ist auch dein Ruhm, BWV 171, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1728 for nyårsdagen anten 1729 eller 1730. Stykket vart framført på nytt 1735/1737 i Leipzig.

Teksten er skriven av Christian Friedrich Henrici (Picander) (sats 2-5) og Johannes Herman (sjette sats), medan den første satsen er basert på Salme 48: 10.

Koraltemaet er basert på salmen «Jesu, nun sei gepreiset». Melodien til denne koralen kom først på trykk i Ein schön geistlich Gesangbuch av Melchior Vulpius i Jena i 1609.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauker, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Gott, wie dien Name, so ist auch dein Ruhm», Koral
  2. «Herr, so weit die Wolken gehen», Arie for tenor
  3. «Du susser Jesus-Name du, in dir ist meine Ruh», Resitativ for alt
  4. «Jesus soll mein erstes Wort in dem neuen Jahre heissen», Arie for sopran
  5. «Und da du, Herr, gesagt», Resitativ for bass
  6. «Lass uns das Jahr vollbringen/Dein ist allein die Ehre», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]