Gelobet seist du, Jesu Christ
- For Luther-salmen, sjå Du vere lova, Jesus Krist.
BWV 91 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 25. desember 1724 | ||
Publiseringsdato | 1875 | ||
Typisk lengd | 15:47 | ||
Satsar/akter | 6 | ||
Toneart | G-dur |
Gelobet seist du, Jesu Christ, BWV 91, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for første juledag, den 25. desember.
Teksten er henta frå Martin Luther (sats 1, 2 og 6) og ein ukjend opphavsmann.
Koraltemaet er basert på salmen «Gelobet seist du, Jesu Christ» av Martin Luther frå 1524.
Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]
Stykket er instrumentert for to valthorn, pauke, tre oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar:
- «Gelobet seist du, Jesu Christ», Koral
- «Der Glanz der höchsten Herrlichkeit», Resitativ for sopran
- «Gott, dem der Erdenkreis zu klein», Arie for tenor
- «O Christenheit! Wohlan», Resitativ for bass
- «Die Armut, so Gott auf sich nimmt», Duo for sopran & alt
- «Das hat er alles uns getan», Koral
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Gelobet seist du, Jesu Christ». Bach-kantater. Henta 11. april 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Piano- og songpartitur for BWV 91 på bach-cantatas.com