Mein Herze schwimmt im Blut
BWV 199 Kantate av Johann Sebastian Bach | |
Sjanger | Koral |
---|---|
Periode | Barokken |
Komponert | 1714 |
Urframføring | 12. august 1714 |
Publiseringsdato | 1912 |
Satsar/akter | 6 |
Mein Herze schwimmt im Blut, BWV 199, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Weimar i 1714 for den ellevte sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt 1718-1722 i Köthen og 8. august 1723 i Leipzig.
Teksten er skriven av Georg Christian Lehms (sats 1-5) og Johann Heermann (sjette sats)
Koraltemaet er basert på salmen «Wo soll ich fliehen hin / Auf meinen lieben Gott». Melodien er basert på ein verdsleg song av Jacob Regnart (1540{?} - 1599) med tittelen «Venus, du und dein Kind seid alle beide blind». Denne fanst i samlinga Kurtzweilige teutsche Liedlein / nach Art der Neapolitanen oder welschen Villanellen frå Nürnberg i 1574.
Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]
Stykket er instrumentert for to fiolinar, bratsj, obo, fagott, bass continuo, samt ein songsolist (sopran) og firedelt kor.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Mein Herze schwimmt im Blut». Bach-kantater. Henta 20. april 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Piano- og songpartitur for BWV 199 på bach-cantatas.com