Ich hab in Gottes Herz und Sinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ich hab in Gottes Herz und Sinn
BWV 92
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1725
Første framføring 28. januar 1725
Publiseringsdato 1875
Typisk lengd 30:12
Satsar 9

Ich hab in Gottes Herz und Sinn, BWV 92, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for niande sundag før påske, som dette året var 28. januar.

Teksten er henta frå Paul Gerhardt (sats 1, 2, 4, 7, 9) og ein ukjend opphavsmann (sats 3, 5, 6, 8)

Koraltemaet er basert på salmen «Was mein Gott will, das g’scheh allzeit» av Paul Gerhardt (1647). Melodien til denne salmen vart komponert av Claudin de Sermisy (ca. 1495-1562), som var ein kjend fransk komponist av både verdsleg og kyrkjeleg musikk. Melodien er frå ei samlign verdslege songar for fire stemmer kalla Trente et quatre chansons…, trykt av Pierre Attaingnant i 1528.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av 9 satsar:

  1. «Ich hab in Gottes Herz und Sinn», Koral
  2. «Es kann mir fehlen nimmermehr!», Resitativ & koral
  3. «Seht, seht! wie bricht, wie reißt, wie fällt», Arie for tenor
  4. «Zudem ist Weisheit und Verstand», Koral
  5. «Wir wollen nun nicht länger zagen», Resitativ for tenor
  6. «Das Brausen von den rauhen Winden», Arie for bass
  7. «Ei nun, mein Gott, so fall ich dir», Koral, «So spricht der Gott gelass'ne Geist», Resitativ for fire songsolistar
  8. «Meinen Hirten bleib ich treu», Arie for sopran
  9. «Soll ich denn auch des Todes Weg», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]