Christ lag in Todesbanden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christ lag in Todesbanden
BWV 4
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert Før 1708
Publiseringsdato 1851
Revidert 1724
Typisk lengd 19:40
Tekst av Martin Luther

Christ lag in Todesbanden eller Christ lag in Todes Banden, BWV 4, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart skriven for påske, truleg i 1707 og er truleg knytt til då Bach flytta frå Arnstadt to Mühlhausen. Han er basert på ein koral med same namn av Martin Luther, som Bach nytta som ein cantus firmus gjennom heile stykket.

Stykket er skriven for sopran, alt, tenor, bass, to fiolinar, to bratsjar og basso continuo. Det består av åtte satsar, alle i E-moll:

  1. Sinfonia: strykarar og continuo
  2. Vers I: «Christ lag in Todes Banden» - Alt, tenor og bass syng frie kontrapunkt, medan cantus firmus vert sunge av sopranen i reine, lange tonar.
  3. Vers II: «Den Tod niemand zwingen kunnt» - for sopran, alt og continuo.
  4. Vers III: «Jesus Christus, Gottes Sohn» - for tenor og continuo med 2 fiolinar obbligato.
  5. Vers IV: «Es war ein wunderlicher Krieg» - for sopran, alt, tenor, bass og continuo.
  6. Vers V: «Hier ist das rechte Osterlamm» - for bass, strykarar og continuo.
  7. Vers VI: «So feiern wir das hohe Fest» - for sopran, tenor og continuo.
  8. Vers VII: «Wir essen und leben wohl» - Ein koral, sunge og spelt av heile ensemblet.

Dette er kanskje ein av dei mest kjende av kyrkjekantatane til Bach og ein av komposisjonane hans for den første av dei tre dagane i påskefeiringa. Bach var påskane i 1707 og 1708 i Mühlhausen og ut frå samanlikning med handskrivinga til andre verk ein har frå same periode, er det grunn til å tru at verket var ferdig i 1708. Uansett framførte Bach denne kantaten i Leipzig både i 1724 og 1725, og reviderte verket, mellom anna med ein overlappande trombone. Kjeldene til musikken ein har i dag er delane som vart skriven for framføringane i Leipzig. Den siste koralen vart først framført i 1725.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]