Schau, lieber Gott, wie meine Feind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schau, lieber Gott, wie meine Feind
BWV 153
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1723-1724
Urframføring2. januar 1724
Publiseringsdato1886
Typisk lengd11:39
Satsar/akter9

Schau, lieber Gott, wie meine Feind, BWV 153, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1723-1724 for første sundag etter nyår i 1724.

Teksten er henta frå David Denicke (første sats), Jesaja 41: 10 (tredje sats), Paul Gerhardt (femte sats) og Martin Moller (sats 9), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaa er basert på salmane «Ach Gott, vom Himmel sieh darein», «Herr Jesu Christ, meins Lebens Licht» og «Befiehl du deine Wege». «Ach Gott, vom Himmel sieh darein» kan sporast tilbake til den verdslege songen «Begierlich in dem Herzen mein» frå om lag 1410. Han dukka opp første gong i samband med den kyrkjelege koralteksten til Martin Luther baser tpå Salme 12 i Enchiridion av Johann Walter frå Erfurt i 1524. «Herr Jesu Christ, meins Lebens Licht» er basert på den verdslege songen «Ich fahr dahin, wann es muß sein», som først kom på trykk i Wolflin Lochamer sin Liederbuch, trykt i Nürnberg kring 1455. Han vart seinare knytt til ein annan koraltekst, «Herr Jesu Christ, wahr Mensch und Gott», trykt av Jan Seklutian i Königsberg i 1552. «Befiehl du deine Wege» vart opphavleg komponert av Hans Leo Hassler som den verdslege kjæeleikssongen «Mein G’müt ist mir verwirret von einer Jungfrau zart», som først kom på trykk i 1601.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av 9 satsar:

  1. «Schau, lieber Gott, wie meine Feind'», Koral
  2. «Mein liebster Gott, ach laß dich's doch erbarmen», Resitativ for alt
  3. «Fürchte dich nicht, ich bin mit dir», Arie for bass
  4. «Du sprichst zwar, lieber Gott, zu meiner Seelen Ruh'», Resitativ for tenor
  5. «Und ob gleich alle Teufel dir wollten widerstehen», Koral
  6. «Stürmt nur, stürmt, ihr Trübsalswetter», Arie for tenor
  7. «Getrost, mein Herz, erdulde deinen Schmerz», Resitativ for bass
  8. «Soll ich meinen Lebenslauf», Arie for alt
  9. «Drum will ich, weil ich lebe noch», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]