Ihr, die ihr euch von Christo nennet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ihr, die ihr euch von Christo nennet
BWV 164
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1725
Første framføring 26. august 1725
Publiseringsdato 1887
Typisk lengd 15:32
Satsar seks

Ihr, die ihr euch von Christo nennet, BWV 164, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for den 13. sundagen etter treeiningssundag.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-5) og Elisabeth Kreuziger (sjette sats)

Koraltemaet er basert på salmen «Herr Christ, der einge Gottessohn». Denne koralmelodien har opphav i den verdslege songen «Mein Freud möcht sich wohl mehren» i samlinga til Wolflin Lochamer som vart trykt i Nürnberg kring 1455. Han vart endra litt av Elisabeth Kreuziger for den første utgåva som kyrkjeleg song i Geystlich Gesangk Buchleyn (redigert av Johann Walter) som vart trykt i Wittenberg i 1524.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to tverrfløyter, to oboar, strykarar, basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Ihr, die ihr euch von Christ nennet», Arie for tenor
  2. «Wir horen zwar, was selbst die Liebe spricht», Resitativ for bass
  3. «Nur durch Lieb und durch Erbarmen», Arie for alt
  4. «Ach, schmelze doch durch deinen Liebsstrahl», Resitativ for tenor
  5. «Handen, die sich nicht verschliessen», Arie for sopran & bass
  6. «Ertodt' uns durch dein' Gute», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]