Nun komm, der Heiden Heiland, BWV 62

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nun komm, der Heiden Heiland
BWV 62
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1724
Første framføring 3. desember 1724
Publiseringsdato 1868
Typisk lengd 18:45

Nun komm, der Heiden Heiland, BWV 62, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for første sundag i advent, som dette året var den 3. desember. Verket vart framført ein gong til av Bach i åra 1732-1735.

Teksten er henta frå Martin Luther (sats 1 og 6), medan resten er av ein ukjend opphavsmann.

Koralmelodien er basert på salmen med same namn av Martin Luther, trykt i Erfurt i 1524. Denne melodien var igjen basert på ein gregoriansk song, publisert i Einsiedeln i Sveits kring 1120. Bach nytta den same salmen som grunnlag for Nun komm, der Heiden Heiland, BWV 61 i 1714.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar, 2 fiolinar, bratsj, basso continuo med horn, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Nun komm, der Heiden Heiland», Koral
  2. «Bewundert, o Menschen, dies grosse Geheimnis», Arie for tenor
  3. «So geht aus Gottes Herrlichkeit und Thron», Resitativ for bass
  4. «Streite, siege, starker Held!», Arie for bass
  5. «Wir ehren diese Herrlichkeit», Resitativ for sopran
  6. «Lob sei Gott, dem Veter, g'tan», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]