O heilges Geist- und Wasserbad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
O heilges Geist- und Wasserbad
BWV 165
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1715
Første framføring 16. juni 1715
Publiseringsdato 1887
Typisk lengd 11:51
Satsar 6

O heilges Geist- und Wasserbad, BWV 165, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1715 for treeiningssundag. Stykket vart kanskje framført på nytt 4. juni 1724 i Leipzig.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-5) og Ludwig Helmbold (sjette sats)

Koraltemaet er basert på salmen «Nun laßt uns Gott dem Herren». Denne melodien er komponert av Nikolaus Selnecker og kom først på trykk i Christliche Psalmen, Lieder vnd Kirchengesenge i Leipzig i 1587.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to fiolinar, bratsj, fagott, cello med continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «O heilges Geist- und Wasserbad», Arie for sopran
  2. «Die sündige Geburt verdammter Adamserben», Resitativ for bass
  3. «Jesu, der aus großer Liebe», Arie for alt
  4. «Ich habe ja, mein Seelenbräutigam», Resitativ for bass
  5. «Jesu, meines Todes Tod», Arie for tenor
  6. «Sein Wort, sein Tauf, sein Nachtmahl», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]