Auf Christi Himmelfahrt allein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Auf Christi Himmelfahrt allein
BWV 128
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1725
Første framføring 10. mai 1725
Publiseringsdato 1878
Typisk lengd 17:22
Satsar fem

Auf Christi Himmelfahrt allein, BWV 128, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for kristihimmelfartsdag.

Teksten er henta frå Ernst Sonnemann etter Josua Wegelin (første sats), Matthäus Avenarius (femte sats) og resten av Christiane Mariene von Ziegler.

Koraltemaa er basert på salmane «O Gott, du frommer Gott» og «Allein Gott in der Höh sei Ehr». Førstnemnte var ein melodi Bach nytta mykje til koraltekstane til Johann Heermann, men òg til andre sine tekstar. Melodien vart komponert av Ahasverus Fritsch kring 1679. Den andre melodien er delvis basert på ein gregoriansk song, «Gloria in excelsis» frå seinmellomalderen og på ein «Sanctus in festis duplicibus» frå Graduale Romanum. Den første delen (Stollen) av «Allein Gott in der Höh sei Ehr» liknar ein påskesong frå 900-talet, som spreidde seg til fleire land. Det var Nikolaus Decius (ca. 1485-etter 1546) som sette saman dei forskjellige melodiane og nytta denne med litt anna tekst i Braunschweig i 1522.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for trompet, to valthorn, to oboar, to fiolinar, obo da caccia, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av fem satsar:

  1. «Auf Christi Himmelfahrt allein», Koral
  2. «Ich bin bereit, komm, hole mich», Resitativ for tenor
  3. «Auf, auf, mit hellem Schall», Arie for bass
  4. «Sein Allmacht zu ergründen, wird sich kein Mensche finden», Duett for alt & tenor
  5. «Alsdann so wirst du mich», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]