Der Himmel lacht! Die Erde jubilieret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Der Himmel lacht! Die Erde jubilieret
BWV 31
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1715
Første framføring 21. april 1715
Publiseringsdato 1857
Typisk lengd 21:41
Satsar 9

Der Himmel lacht! Die Erde jubilieret, BWV 31, er ein kyrkjeleg kantate av Johann Sebastian Bach.

Verket vart komponert i Weimar for 21. april 1715, første påskedag, og vart seinare framført fleire gonger i Leipzig i ein noko endra form. Ein kjenner til at det vart framført i 1724, 1731 og 1735.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Teksten kjem frå «Evangelisches Andachts-Opffer» av Weimar-diktaren Salomon Franck, som har skrive ni kantatetekstar for Bach. Versa består av fri dikting og tolking. Den siste satsen, det sisteverset i dødskoralen «Wenn mein Stündlein vorhanden ist» av Nikolaus Herman er ein referanse til livet etter døden for kristne etter at Jesus stod opp att.

Instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Bach truleg var meir travel enn elles rundt ei viktig høgtid som påske, er dette verket med tre trompetar og fem treblåseinstrument, noko som er merkverdig. Ein treng minst 17 forskjellige instrument for å framføre denne kantaten.

Den oppstemte musikken til denne høgtida finn ein alt i sonaten i starten, med ein fanfare-liknande introduksjon. Etter dette kjem fem korstemmer inn og tar opp koraltemaet. Sidan kjem to resitativ, på kvar side av ein bassarie, berre akkompagnert av basso continuo. Tenorarien som kjem etter vert introdusert av ein ritornello for strykarar. I den siste arien, syng sopranen og solooboen spelar mot lågtliggande unisone strykarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]