Christ unser Herr zum Jordan kam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christ unser Herr zum Jordan kam
BWV 7
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1724
Første framføring 24. juni 1724
Publiseringsdato 1851
Typisk lengd 23:35
Tekst av Martin Luther

Christ unser Herr zum Jordan kam, BWV 7, er ein kantate av Johann Sebastian Bach.

Han vart skriven i Leipzig for høgtida til døyparen Johannes og vart først framført den 24. juni 1724. Han er basert på ein koral med same namn av Martin Luther.

Stykket er skriven for to oboar d'amore, solo fiolinar, ripieno strykarar (fiolinar, bratsjar og basso continuo), songsolistar og kor. Det består av sju satsar, i E-moll bortsett frå der anna er skrive:

  1. Kor: «Christ unser Herr zum Jordan kam» - Sopran-, alt- og basstemmer syng frie kontrapunkt, medan tenorstemmene syng koralen reint i lange tonar.
  2. Arie: «Merkt und hört, ihr Menschenkinder» - for basstemme og continuo (G-dur).
  3. Resitativ: «Dies hat Gott klar mit Worten» - for tenor og continuo (D-moll).
  4. Arie: «Des Vaters Stimme ließ sich hören» - for tenor, to solo fiolinar og continuo (A-moll).
  5. Resitativ: «Als Jesus dort nach seinen Leiden» - for bass, strykarar og continuo (H-moll).
  6. Arie: «Menschen, glaubt doch dieser Gnade» - for alt, oboar d'amore, strykarar og continuo.
  7. Koral: «Das Aug allein das Wasser sieht» - siste verset av koralen, sunge og spelt av heile ensemblet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]