Was willst du dich betrüben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Was willst du dich betrüben
BWV 107
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1724
Første framføring 23. juli 1724
Publiseringsdato 1876
Typisk lengd 17:59
Satsar 7

Was willst du dich betrüben, BWV 107, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den sjuande sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 23. juli.

Teksten er skriven av Johann Heermann.

Koraltemaet er basert på salmen «Von Gott will ich nicht lassen». Kven som har komponert melodien er ukjend, men han kjem frå den verdslege songen «Une jeune fillette de grand' valeur», ein slags vokal allemande i ein kombinasjon av dans og folkemusikk. Dei tidlegare spora etter songen finst i Recueil de plusieurs chansons divisè en trois parties, ei samling av «Voix de Ville», publisert av Jehan Chardavoine (1537-ca. 1580) i Lyon i Frankrike i 1557.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for valthorn da caccia, to tverrfløyter, to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj, orgel og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av sju satsar:

  1. «Was willst du dich betrüben», Koral
  2. «Denn Gott verlässet keinen», Resitativ for bass
  3. «Auf ihn magst du es wagen», Arie for bass
  4. «Wenn auch gleich aus der Höllen», Arie for tenor
  5. «Er richts zu seinen Ehren», Arie for sopran
  6. «Drum ich mich ihm ergebe», Arie for tenor
  7. «Herr, gib, daß ich dein Ehre», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]