Gott soll allein mein Herze haben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gott soll allein mein Herze haben
BWV 169
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1726
Første framføring 20. oktober 1726
Publiseringsdato 1887
Typisk lengd 22:28
Satsar 8

Gott soll allein mein Herze haben, BWV 169, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1726 for den attande sundagen etter treeiningssundag.

Teksten er skriven av Martin Luther (sats 8) og ein ein ukjend tekstforfattar.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar, tenorobo (engelsk horn), to fiolinar, bratsj, obbligato-orgel og basso continuo, samt ein songsolist (alt) og firedelt kor.

Det består av åtte satsar:

  1. Sinfonia i D-dur
  2. «Gott soll allein mein Herze haben», Arioso for alt
  3. «Zwar merk' ich an der Welt», Resitativ for alt
  4. «Gott soll allein mein Herze haben», Arie for alt
  5. «Was ist die Liebe Gottes?», Resitativ for alt
  6. «Stirb in mir, Welt und alle deine Liebe», Arie for alt
  7. «Doch meint es auch dabei mit ereun Nachsten treu», Resitativ for alt
  8. «Du susse Liebe, schenk' uns deine Gunst», Koral

Ein trur at sinfoniaen og den femte satsen har røtene i ein no tapt obokonsert, truleg skriven då han var i Köthen (1717-23). Den same konserten er òg opphavet til Bachs Cembalokonsert, BWV 1053 (kring 1739).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]