Herr Christ, der einge Gottessohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herr Christ, der einge Gottessohn
BWV 96
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1724
Første framføring 8. oktober 1724
Publiseringsdato 1875
Typisk lengd 17:25
Satsar seks

Herr Christ, der einge Gottessohn, BWV 96, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den attande sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 8. oktober. Stykket vart truleg framført på ny 24. oktober 1734 og 1. oktober 1740, begge gongane i Leipzig.

Teksten er henta frå Elisabeth Kreuziger (første og siste sats), medan resten er skriven av ein ukjend person.

Koraltemaet er basert på salmen «Herr Christ, der einge Gottessohn» av Elisabeth Kreuziger (1524). Melodien har opphav frå den verdslege songen «Mein Freud möcht sich wohl mehren» frå samlinga til Wolflin Lochamer av verdslege songar tryk i Nürnberg rundt 1455. Han vart endra av Elisabeth Kreuziger og dukka først opp som ein kyrkjesong i Geystlich Gesangk Buchleyn (redigert av Johann Walter), som vart trykt i Wittenberg i 1524.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for tverrfløyte, piccolofløyte, piccolofiolin, to oboar, to fiolinar, valthorn og trombone i basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Herr Christ, der ein'ge Gottes-Sohn», Koral
  2. «O Wunderkraft der Liebe», Resitativ for alt
  3. «Ach, ziehe die Seele mit Seilen der Liebe», Arie for tenor
  4. «Ach, fuhre mich, o Gott, zum rechten Wege», Resitativ for sopran
  5. «Bald zur Rehten, bald zur Linken», Arie for bass
  6. «Ertodt' uns durch dein' Gute», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]