Was Gott tut, das ist wohlgetan, BWV 99

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Was Gott tut, das ist wohlgetan
BWV 99
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1724
Urframføring17. september 1724
Publiseringsdato1875
Typisk lengd14:32
Satsar/akter6

Was Gott tut, das ist wohlgetan, BWV 99, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den femtande sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 17. september.

Teksten er henta frå Samuel Rodigast (første og siste sats), med ein ukjend opphavsmann for resten.

Koraltemaet er basert på salmen «Was Gott tut, das ist wohlgetan» av Samuel Rodigast.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for valthorn, tverrfløyte, obo d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Verket består av seks satsar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]