Mein Gott, wie lang, ach lange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mein Gott, wie lang, ach lange?
BWV 155
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1716
Urframføring19. januar 1716
Publiseringsdato1886
Typisk lengd12:05
Satsar/akter5

Mein Gott, wie lang, ach lange?, BWV 155, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1716 for andre sundag etter trettande dag jul, den 19. januar. Stykket vart framført på nytt 16. januar 1724 i Leipzig.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-4) og Paul Speratus (femte sats)

Koraltemaet er basert på salmen «Es ist das Heil uns kommen her». Koralmelodien vart først registrert på 1400-talet som ein påskesong eller ein koral kalla «Freu dich, du werte Christenheit».

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to fiolinar, bratsj, fagott og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av fem satsar:

  1. «Mein Gott, wie lang, ach lange?», Resitativ for sopran
  2. «Du mußt glauben, du mußt hoffen», Duett for alt & tenor
  3. «So sei, o Seele, sei zufrieden!», Resitativ for bass
  4. «Wirf, mein Herze, wirf dich noch in des Höchsten Liebesarme», Arie for sopran
  5. «Ob sichs anließ, als wollt er nicht», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]