Herz und Mund und Tat und Leben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herz und Mund und Tat und Leben
BWV 147
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1723
Første framføring 2. juli 1723
Publiseringsdato 1884
Typisk lengd 31:09
Satsar 10

Herz und Mund und Tat und Leben, BWV 147, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Kantaten er basert på kantaten 147a frå 1716. Den tiande satsen i kantaten er ein av dei mest kjende satsane til Bach, «Jesus bleibet meine Freude».

Han vart komponert i Leipzig i 1723 for Maria besøksdag, den 2. juli.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1, 3, 5, 7, 9) og Martin Jahn (sats 6, 10), samt ein ukjend tekstforfattar (sats 2, 4, 6, 8).

Den sjette og tiande satsen er basert på ein melodi av Johann Schop, «Werde munter, mein Gemüthe». Denne melodien er best kjend frå pianotranskripsjonen til Dame Myra Hess frå Hugh P. Allen sin koralversjon av Bach sitt arrangement, og er kjend med tittelen «Jesu, Joy of Man's Desiring» eller «Jesus bleibet meine Freude».

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for trompet, to oboar, fagott, to fiolinar, bratsj og basso continuo eller trompet, to oboar, obo d'amore, to oboar da caccia, to fiolinar, bratsj og basso continuo (inkludert fiolonsell og violone i 7. sats), samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av ti satsar:

  1. «Herz und Mund und tat und Leben», Koral
  2. «Gebenedeiter Mund! Marie macht ihr Innerstes der Seele», Resitativ for tenor
  3. «Schame dich, o Seele, nicht», Arie for alt
  4. «Verstockung kaun Gewaltige verblenden», Resitativ for bass
  5. «Bereite dir, Jesu nach itzo die Bahn», Arie for sopran
  6. «Wohl mir, dass ich Jesum habe», Koral
  7. «Hilf, Jesu, hilf dass ich auch dich bekenne», Arie for tenor
  8. «Der hochsten Allmacht Wunderhand», Resitativ for alt
  9. «Ich will von Jesu Wundern singen», Arie for bass
  10. «Jesus bleibet meine Freude», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]