Sie werden aus Saba alle kommen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sie werden aus Saba alle kommen
BWV 65
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1723-1724
Første framføring 6. januar 1724
Publiseringsdato 1868
Typisk lengd 16:18
Satsar 7

Sie werden aus Saba alle kommen, BWV 65, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for trettande dag jul (6. januar)

Teksten er henta frå Esaias 60: 6 (første sats), Paul Gerhardt (sjuande sats), medan resten har ukjend opphavsmann (W. Murray Young har foreslått Christian Weiss den eldre eller Bach sjølv).

Koralmelodiane er baserte på «Ein Kind geborn zu Bethlehem» (kanskje frå 1200-talet), «Was mein Gott will, das g’scheh allzeit» av markgreve Albrecht von Brandenburg-Ansbach. Hornmelodien i verket er basert på salmen «Sie werden aus Saba alle kommen».

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to valthorn, to blokkfløyter, to oboar da caccia, to fiolinar, bratsj, basso continuo, samt to songsolistar (tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av sju satsar:

  1. «Sie werden aus Saba alle kommen», Kor (Concerto)
  2. «Die Kön'ge aus Saba kamen dar», Koral
  3. «Was dort Jesaias vorhergesehn», Resitativ for bass
  4. «Gold und Ophir ist zu schlecht», Arie for bass
  5. «Verschmäe nicht, du, meiner Seele Licht», Resitativ for tenor
  6. «Nimm mich dir zu eigen hin», Arie for tenor
  7. «Ei nun, mein Gott, so fall' ich dir getrost in deine Hände», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]