Schweigt stille, plaudert nicht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Schweigt stille, plaudert nicht (Kaffeekantate)
BWV 211
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1734
Første framføring Midten av 1734
Publiseringsdato 1837
Typisk lengd 27:12
Satsar 10

Schweigt stille, plaudert nicht, òg kalla Kaffikantaten, BWV 211, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Sjølv om han er klassifisert som ein kantate er han i røynda ein liten komisk opera.

Som ein satirisk kommentar omhandlar kantaten kaffiavhengnad, eit aukande samfunnsproblem på 1700-talet i Leipzig, der verket hadde premiere.

Librettoen til kantaten, skriven av Christian Friedrich Henrici, har tekstlinjer som «Om eg ikkje kan drikke ein kopp kaffi tre gonger dagleg, så vil eg i pinsle skrumpe inn som ei geitesteik», noko som truleg vart godt likt av eigarane av Zimmerman's Kaffihus i Leipzig, der stykket vart framført første gong.

Bach skriv aldri operaer og denne kantaten vart skriven som ein konsertframføring[1], men vert i dag ofte framført med kostyme.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for tverrfløyte, to fiolinar, bratsj, cembalo continuo, samt solistane: Forteljar (tenor), Lieschen (sopran), Schlendrian (bass)

Det består av ti satsar:

  1. «Schweigt stille, plaudert nicht», Resitativ for tenor
  2. «Hat man nicht mit seinen Kindern», Arie for bass
  3. «Du boses Kind, du loses Madchen», Resitativ for sopran & bass
  4. «Ei! wie schmeckt der Coffee susse», Arie for sopran
  5. «Wenn du mir nicht den Coffee lass'st», Resitativ for sopran & bass
  6. «Madchen, die von harten Sinnen», Arie for bass
  7. «Nun folge, was dein Vater spricht», Resitativ for sopran & bass
  8. «Heute noch, lieber Vater, tut es doch», Arie for sopran
  9. «Nun geht und sucht der alte Schlendrian», Resitativ for tenor
  10. «Die Katze lasst das Mausen nicht», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bach Choir of Bethlehem

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]