Meine Seel erhebt den Herren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Meine Seel erhebt den Herren
BWV 10
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1724
Urframføring2. juli 1724
Publiseringsdato1852
Typisk lengd20:17
Tekst avBibelsk


Meine Seel erhebt den Herren, BWV 10, er ein kantate av Johann Sebastian Bach.

Han vart skriven i Leipzig for Maria besøksdag og vart først framført den 2. juli 1724. Store delar av tekste er teken frå magnificaten, Lukasevangeliet 1:46-55 og melodien nytta i salmen som er tilknytt magnificaten.

Stykket er skriven for to oboar, trompet, strykarar (fiolinar, bratsjar og basso continuo), songsolistar og kor. Det består av sju satsar, i g-moll bortsett frå der anna er nemn:

  1. Kor: «Meine Seel erhebt den Herren» - ei korutgåve av salmemelodien. Altane, tenorane og bassane syng frie kontrapunkt, medan sopranen syng salmemelodien reint med lange tonar. Om lag halvvegs ut i satsen, byter sopranane og altane roller.
  2. Arie: «Herr, der du stark und mächtig bist» - for sopran, oboar, strykarar og continuo (H-dur).
  3. Resitativ: «Des Höchsten Güt und Treu» - for tenor og continuo (g-moll modulert til d-moll).
  4. Arie: «Gewaltige stößt Gott vom Stuhl» - for basstemme og continuo (F-dur).
  5. Duet: «Er denket der Barmherzigkeit» - for alt, tenor, oboar, trompet og continuo (d-moll). Oboane og trompetane speler berre salmemelodien i lange tonar
  6. Resitativ: «Was Gott den Vätern alter Zeiten» - for tenor, strykarar og continuo.
  7. Koral: «Lob und Preis sei Gott dem Vater» - siste verset av koralen, sunge og spelt av heile ensemble.

Media[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]