Wahrlich, wahrlich, ich sage euch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wahrlich, wahrlich, ich sage euch
BWV 86
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1724
Urframføring14. mai 1724
Publiseringsdato1872
Typisk lengd14:03
Satsar/akter6
ToneartE-dur

Wahrlich, wahrlich, ich sage euch, BWV 86, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for femte sundag etter påske, som dette året var den 14. mai.

Teksten er henta frå Evangeliet etter Johannes 16: 3 (første sats), Georg Grünwald (tredje sats) og Paul Speratus (siste sats), medan resten er skriven av ein ukjend opphavsmann.

Koraltemaet er basert på salmane «Kommt her zu mir, spricht Gottes Sohn» av Georg Grünwald (1530) og «Es ist das Heil uns kommen her» av Paul Speratus (1523).

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Wahrlich, wahrlich, ich sage euch», Arie for bass
  2. «Ich will doch wohl Rosen brechen», Arie for alt
  3. «Und was der ewig gütig Gott», Koral
  4. «Gott macht es nicht gleichwie die Welt», Resitativ for tenor
  5. «Gott hilft gewiß», Arie for tenor
  6. «Die Hoffnung wart' der rechten Zeit», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]