Die Elenden sollen essen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Die Elenden sollen essen
BWV 75
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1723
Første framføring 30. mai 1723
Publiseringsdato 1870
Typisk lengd 31:02
Satsar 15

Die Elenden sollen essen, BWV 75, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1723 for første sundag etter treeiningssundag i, som dette året var 30. mai. Stykket vart framført første gong denne dagen i Nikolaikyrkja. Dette var den første kantaten Bach skreiv etter han vart tilsett som Thomaskantor ved Tomaskyrkja i Leipzig. Stillinga starta offisielt ikkje før i juni dette året, men pliktene hans starta med det same han kom til byen.

Teksten er henta frå Salme 22: 26 (første sats), Samuel Rodigast (sats 7, 14), medan resten er av ukjend opphavsmann (Wustmann & Neumann foreslår Christian Weiss den eldre)

Koraltemaet er basert på salmen «Was Gott tut, das ist wohlgetan» av Samuel Rodigast (1675).

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar, obo d’amore, fagott, strykarar, basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av femten satsar:

  1. «Die Elenden sollen essen», Koral
  2. «Euer Herz soll ewiglich leben», Koral
  3. «Was hilft des Purpurs Majestät, da sie vergeht», Resitativ for bass
  4. «Mein Jesus soll mein Alles sein!», Arie for tenor
  5. «Gott stürzet und erhöhet in Zeit und Ewigkeit», Resitativ for tenor
  6. «Ich nehme mein Leiden mit Freuden auf mich!», Arie for sopran
  7. «Indes schenkt Gott ein gut Gewissen», Resitativ for sopran
  8. «Was Gott tut, das ist wohlgetan», Koral
  9. Sinfonia i G-dur
  10. «Nur eines kränkt ein christliches Gemüte», Resitativ for alt
  11. «Jesus macht mich geistlich reich», Arie for alt
  12. «Wer nur in Jesu bleibt, die Selbstverleugnung treibt», Resitativ for bass
  13. «Mein Herze glaubt und liebt», Arie for bass
  14. «O Armut, der kein Reichtum gleicht!», Resitativ for tenor
  15. «Was Gott tut, das ist wohlgetan, dabei will ich verbleiben», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]