Bringet dem Herrn Ehre seines Namens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bringet dem Herrn Ehre seines Namens
BWV 148
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1723
Første framføring 19. september 1723
Publiseringsdato 1884
Typisk lengd 14:39
Satsar 6

Bringet dem Herrn Ehre seines Namens, BWV 148, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1723 for den 17. sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart kanskje framført på nytt 23. september 1727 i Leipzig.

Teksten er henta frå Salme 29: 2 (første sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar eller Johann Heermann (sjette sats)

Koraltemaet er basert på salmen «Wo soll ich fliehen hin / Auf meinen lieben Gott». Koralmelodien er basert på ein verdsleg song av Jacob Regnart (1540{?} - 1599) med tittelen «Venus, du und dein Kind seid alle beide blind». Denne finst i samlinga Kurtzweilige teutsche Liedlein / nach Art der Neapolitanen oder welschen Villanellen frå Nürnberg i 1574.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for trompet, tre oboar, strykarar, orgel continuo, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Bringet dem Herrn Ehre seines Namens», Konsertstykke for kor
  2. «Ich eile, die Lehre des Lebens zu horen», Arie for tenor
  3. «So wie der Hirsch nach frischem Wasser schreit», Resitativ for alt
  4. «Mund und Herze steht dir offen», Arie for alt
  5. «Bleib' auch, mein Gott, in mir», Resitativ for tenor
  6. «Fuhr' auch mein Herz und Sinn», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]