Es ist nichts Gesundes an meinem Leibe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Es ist nichts Gesundes an meinem Leibe
BWV 25
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1723
Urframføring29. august 1723
Publiseringsdato1855
Typisk lengd15:34
Tekst avUkjend, basert på bibelsk tekst

Es ist nichts Gesundes an meinem Leibe, BWV 25, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Han vart først framført den 29. august 1723 for den fjortande sundagen etter treeiningssundag. Teksten er laust basert på evangeliet etter Lukas, der Jesus lækjer ti spedalske (Lukas 17:11-19) og frå Paulus’ brev til galatarane 5: 16-24. Kven som har skrive teksten er ukjend.

Kantaten er skriven for sopran, alt, tenor, bass, zinke, tre tromboner, tre blokkfløyter, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo.

  1. Koral «Es ist nichts Gesundes an meinem Leibe» - For sopran, alt, tenor, bass, zinke, tre trombone, tre blokkfløyter, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo.
  2. Resitativ «Die ganze Welt ist nur ein Hospital» - For solotenor og basso continuo.
  3. Arie «Ach, wo hol ich Armer Rat?»- For solobass og basso continuo.
  4. Resitativ «O Jesu, lieber Meister» - For solosopran og basso continuo.
  5. Arie - «Öffne meinen schlechten Liedern» - For tre blokkfløyter, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo.
  6. Koral - «Ich will alle meine Tage» - For sopran, alt, tenor, bass, tre blokkfløyter, zinke, to oboar, to fiolinar, bratsj, tre tromboner og basso continuo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]