Ärgre dich, o Seele, nicht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ärgre dich, o Seele, nicht
BWV 186
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1723
Første framføring 11. juli 1723
Publiseringsdato 1891
Typisk lengd 28:28
Satsar 12

Ärgre dich, o Seele, nicht, BWV 186, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1723 for den sjuande sundagen etter treeiningssundag. Kantaten er basert på ein tapt kantate, BWV 186a, frå Weimar i 1716. Stykket vart framført på nytt 1746-1749 i Leipzig.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1, 3, 5, 8, 10), Paul Speratus (sjette sats);, medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «Es ist das Heil uns kommen her». Koralmelodien vart først registrert på 1400-talet som ein påskesong eller salme: «Freu dich, du werte Christenheit».

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar, engelsk horn, fagott, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av tolv satsar:

  1. «Ärg're dich, o Seele, nicht», Koral
  2. «Die Knechtsgestalt, die Not, der Mangel», Resitativ for bass
  3. «Bist du, der mir helfen soll», Arie for bass
  4. «Ach, daß ein Christ so sehr vor seinen Körper sorgt!», Resitativ for tenor
  5. «Drum, wenn der Kummer gleich das Herze nagt und frißt», Arioso for tenor
  6. «Mein Heiland läßt sich merken», Arie for tenor
  7. «Ob sich's anließ', als wollt' er nicht», Koral
  8. «Es ist die Welt die große Wüstenei», Resitativ for bass
  9. «Die Armen will der Herr umarmen», Arie for sopran
  10. «Nun mag die Welt mit ihrer Lust vergehen», Resitativ for alt
  11. «Laß, Seele, kein Leiden», Duett for sopran & alt
  12. «Die Hoffnung wart' der rechten Zeit», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]