Herr Gott, dich loben alle wir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herr Gott, dich loben alle wir
BWV 130
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1724
Første framføring 29. september 1724
Publiseringsdato 1878
Typisk lengd 15:58
Satsar 6

Herr Gott, dich loben alle wir, BWV 130, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for mikkjelsmesse.

Teksten er henta frå Paul Eber (første og siste sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «Herr Gott, dich loben alle wir». Denne koralmelodien går truleg tilbake til ein verdsleg chanson frå 1400-talet. Som kyrkjeleg melodi kom han først på trykk i Geneva Psalter frå 1551.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, tverrfløyte, tre oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Herr Gott, dich loben alle wir», Koral
  2. «Ihr heller Glanz und hohe Weisheit zeigt», Resitativ for alt
  3. «Der alte Drache brennt vor Neid», Arie for bass
  4. «Wohl aber uns, daß Tag und Nacht», Resitativ for sopran & tenor
  5. «Laß, o Fürst der Cherubinen», Arie for tenor
  6. «Darum wir billig loben dich», Koral
  7. «Und bitten dich: wollst allezeit», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]