Ach! ich sehe, itzt, da ich zur Hochzeit gehe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ach! ich sehe, itzt, da ich zur Hochzeit gehe
BWV 162
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1715
Første framføring 25. oktober 1716
Publiseringsdato 1887
Typisk lengd 15:25
Satsar seks

Ach! ich sehe, itzt, da ich zur Hochzeit gehe, BWV 162, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1715 for den 20. sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt 10. oktober 1723 i Leipzig.

Teksten er henta frå Salomo Franck (sats 1-5) og Johann Rosenmüller (sjette sats).

Koraltemaet er basert på salmen «Jesu, der du meine Seele». Melodien er av Johann Rist (1641).

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for zinke da tirassi, to fiolinar, bratsj, fagott og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Ach! ich sehe, itzt da ich zur Hochzeit gehe», Arie for bass
  2. «O großes Hochzeitsfest», Resitativ for tenor
  3. «Jesu, Brunnquell aller Gnaden», Arie for sopran
  4. «Mein Jesu, laß mich nicht», Resitativ for alt
  5. «In meinem Gott bin ich erfreut», Duett for alt & tenor
  6. «Ach, ich habe schon erblicket», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]