Erschallet, ihr Lieder, erklinget, ihr Saiten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erschallet, ihr Lieder, erklinget, ihr Saiten!
BWV 172
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1714
Første framføring 20. mai 1714
Publiseringsdato 1888
Revidert Leipzig, 1731
Typisk lengd 17:44
Satsar 7

Erschallet, ihr Lieder, erklinget, ihr Saiten!, BWV 172, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1714 for første pinsedag. Stykket vart framført på nytt 1717-1723 i Weimar, den 28. mai 1724 i Leipzig, den 13. mai 1731 i Leipzig og ein siste gong etter 1731 i Leipzig.

Teksten er basert på Evangeliet etter Johannes 14: 23 (andre sats), medan resten er skriven av Philipp Nicolai (sjette sats) og kanskje Salomo Franck (sats 1, 3-5)

Koraltemaet er basert på salmen «Komm, Heiliger Geist, Herre Gott». Denne melodien av ein ukjend komponist er datert til 1400-talet og er kanskje knytt til salmemelodien «Adesto, sancta spiritus» av Marchetto di Padua får kring 1270. Han kom først på trykk i den noverande forma i Geystliche Gesangk Buchleyn (redigert av Johann Walter) i Wittenberg i 1524 i lag med fleire vers som Martin Luther hadde skrive.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauker, fagott, to fiolinar, tobratsjar, orgel og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av sju satsar:

  1. «Erschallet, ihr Lieder», Koral
  2. «Wer mich liebet, der wird mein Wort halten», Resitativ for bass
  3. «Heiligste Dreieinigkeit», Arie for bass
  4. «O Seelenparadies», Arie for tenor
  5. «Komm, lass mich nicht länger warten», Duett for sopran & alt
  6. «Von Gott kommt mir ein Freudenschein», Koral
  7. «Erschallet, ihr Lieder», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]