Sully Prudhomme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sully Prudhomme

Sully Prudhomme
Pseudonym Sully Prudhomme
Nasjonalitet Fransk
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 16. mars 1839
Paris
Død

6. september 1907 (68 år)

Yrke Forfattar
Språk fransk
Medlem av Académie française, Det ungarske vitskapsakademiet
Signatur
Sully Prudhomme på Commons

Sully Prudhomme (eigentleg René François Armand Prudhomme (fødd 16. mars 1839 i Paris, død 6. september 1907 i Châtenay-Malabry) var ein fransk forfattar som i 1901 vann Nobelprisen i litteratur ved den første tildelinga i historia. Svenska akademien gav han prisen «spesielt med tanke på dei poetiske verka hans, som vitnar om idealisme, kunstnarleg perfeksjon og ein sjeldan kombinasjon av både hjarta og intellekt.»[1][2]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Prudhomme voks opp i Paris i ein borgarleg katolsk familie. Han bestod først inntaksprøva til naturvitskapelege fag ved Lycée Bonaparte (baccalauréat scientifique) og deretter til språk- og litteraturstudiet (baccalauréat de lettres). Etter å ha arbeidd som ingeniør i det som då var eit oppstartfirma, Schneider Electric, som i blant blir kalla «det franske Krupp», gav han opp tanken på å bli ingeniør og studerte jus i staden. Etterpå arbeidde han ei kort tid som advokat i Paris.

I midten av 20-åra bestemde han seg for å leve av ei ganske god arva formue og eigna seg heilt og fullt til litteratur og filosofi. Han debuterte i 1865 med diktsamlinga Stances et Poèmes, og fekk straks eit godt ry i litteraturkretsar.[3]

I sin første periode skreiv han kunstferdig utarbeidde dikt med sentimentalt og romantisk innhald i den heller kjølige stilen til Les parnassiens. Dikta pla han gje ut i tidsskrift og frå tid til anna samle i bokform.

Han deltok i den fransk-prøyssiske krigen 1870-1871, men fekk store helseproblem av det, noko han bearbeidde i Impressions de la guerre (1872) og La France (1874). Han endra no stil til «poésie personnelle», det vil seie dikt som med ein formal eleganse sameina vakre bilete, vakre tankar og vakre kjensler på ein tiltalande måte som lesarane på hans tid fann like mykje glede i som dei sjarmerande filosofiske essaya som han skreiv om ei mengd ulike tema, og produserte i stort antal. Det mest kjende diktet hans er Le Vase brisé (1865).

I 1881 fekk han den anerkjenninga som litterat å bli tatt opp i Académie française. Han blei òg anerkjend som ein moralsk autoritet ved å bli oppteken som Chevalier de la Légion d’honneur (riddar av Æreslegionen).

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Prudhomme har gått inn i litteraturhistoria som den første nobelprisvinnaren i litteratur, men sjølv i Frankrike er han i dag ein praktisk tala gløymd forfattar.

August Strindberg skreiv i ein artikkel som inngår i Samlade skrifter at Prudhomme var ein uverdig Nobelprisvinnar og knapt kunne kallast diktar. I følgje Strindberg fekk Prudhomme prisen av di han var medlem av Académie française og at målet med tildelinga var å få Svenska akademien ut av gløymska.[4]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Poesi[endre | endre wikiteksten]

  • Stances et poèmes, 1865.
  • Les épreuves, 1866.
  • Les solitudes: poésies, A. Lemerre (Paris), 1869.
  • Les destins, 1872.
  • La France, 1874.
  • Les vaines tendresses, 1875.
  • Le zénith (dikt), presentert i journalen Revue des deux mondes, 1876.
  • La justice (dikt), 1878.
  • Poésie, 1865-88, A. Lemerre, 1883-88.
  • Le prisme, poésies diverses, A. Lemerre (Paris), 1886.
  • Le bonheur (dikt), 1888.
  • Épaves, A. Lemerre, 1908.

Prosa[endre | endre wikiteksten]

  • Œuvres de Sully Prudhomme (poesi og prosa), 8 bind, A. Lemerre, 1883-1908.
  • Que sais-je? (filosofisk skrift), 1896.
  • Testament poétique (essays), 1901.
  • La vraie religion selon Pascal (essays), 1905.
  • Journal intime: lettres-pensée (dagbok), A. Lemerre, 1922.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. in special recognition of his poetic composition, which gives evidence of lofty idealism, artistic perfection and a rare combination of the qualities of both heart and intellect".
  2. Nobelpristildelinga i 1901 på nobelprize.org
  3. nobelprize.org
  4. Samlade skrifter av August Strindberg

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]