Frans Eemil Sillanpää

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frans Eemil Sillanpää

Frans Eemil Sillanpää (16. september 18883. juni 1964) var ein finsk forfattar. Han er rekna som ein av dei store røystene i finsk litteratur, og er ein av dei best kjende forfattarane frå Finland. Han er den einaste finnen som har fått Nobelprisen i litteratur.

Fødestaden til Frans Eemil Sillanpää.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Frans Emil var fødd i Tavastkyro i Birkaland sørvest i Finland, som yngstebarnet i småbrukarfamilien Koskinen. Han tok seinare namnet Sillanpää. Foreldra hadde opplevd uår og nød, og av borna deira hadde berre Frans Eemil overlevd. Trass fattigdommen klarte dei senda han til skule i Tampere, og i 1908 tok han til å studera medisin ved universitetet i Helsingfors (Helsinki). Her blei han mellom anna kjend med målarane Eero Järnefelt og Pekka Halonen, komponisten Jean Sibelius og forfattaren Juhani Aho. Han blei interessert i kulturelle og ideologiske straumingar, og tok til seg ungfinske anti-svenske og nasjonalromantiske idear. Sillanpää las og let seg påverka av biologen Ernst Haeckel, diktaren Maurice Maeterlinck og forfattarane Hamsun og Strindberg. Seinare tok han også til seg Osvald Spengler sin tanke om at samfunn går gjennom livssyklusar, som plantar. Han blei også van med å drikka mykje alkohol, som han seinare skulle ha problem med.

I 1913 flytta Sillanpää han tilbake til heimstaden for å skriva og driva jordbruk. Han skreiv noveller og artiklar for aviser, som Uusi Suometar, mellom anna reisebrev frå Sverige og Danmark.

Sillanpää i 1939, året han fekk Nobelprisen.

Forfattardebuten kom i 1916 med boka Elämä ja aurinko ('Livet og solen'). Romanen Hurskas kurjuus ('Den fromme elendighet') kom ut i 1919. Det best kjende verket hans er Nuorena nukkunut ('Sovna som ung', oms. som 'Silja') frå 1931, som blei internasjonalt kjend og gjorde at fleire meinte han fortente Nobelprisen. I 1939 fekk Sillanpää Nobelprisen i litteratur for si forståing av finske bønder og den kunstnarlege måten han hadde skildra liva og tilhøva deira til naturen.

Den siste boka hans, Ihmiselon ihanuus ja kurjuus ('Det søte og forferdelege menneskelivet', 1945), var ein delvis sjølvbiografisk roman, prega av tungsinnet Sillanpää følte seinare i livet. Etter krigen skreiv han ikkje meir skjønlitteratur, men blei ei kjend radiostemme.

Sillanpää var gift to gonger, med Sigrid Maria Salomäki, som han fekk åtte barn med, og etter at ho døydde i 1939 ei kort tid med Anna Armia von Herzen. Han døydde i Helsingfors.

Asteroiden 1446 Sillanpää, som blei oppdaga av ein finsk astronom i 1938, er kalla opp etter han.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Sillanpää er blitt kalla ein romantisk forfattar, men skildringane hans var også av realistiske figurar frå den vestfinske bondekulturen. Samstundes som verka hans spegla ei verd der menneske var tannhjul i eit biologisk maskineri, var dei også prega av psykologisk analyse, naturstemningar og kjærleik.

Fleire av bøkene hans er filmatiserte, mellom anna Ihmiset suviyössä ('Mennesker i sommernatten', 1948), Silja - nuorena nukkunut (1956) og Ihmiselon ihanuus ja kurjuus (1988).

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Elämä ja aurinko (1916)
  • Ihmislapsia elämän saatossa (1917)
  • Hurskas kurjuus (1919)
  • Rakas isänmaani (1919)
  • Hiltu ja Ragnar (1923)
  • Enkelten suojatit (1923)
  • Omistani ja omilleni (1924)
  • Maan tasalta (1924)
  • Töllinmäki (1925)
  • Rippi (1928)
  • Kiitos hetkistä, Herra... (1930)
  • Nuorena nukkunut (1931)
  • Miehen tie (1932)
  • Virranpohjalta (1933)
  • Ihmiset suviyössä (1934)
  • Viidestoista (1936)
  • Elokuu (1941)
  • Ihmiselon ihanuus ja kurjuus (1945)





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]