Gao Xingjian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gao Xingjian (kinesisk: 高行健, pinyin: Gāo Xíngjiàn; fødd 4. januar 1940 i Ganzhou, provinsen Jiangxi) er ein fransk, kinesiskfødd romanforfattar, dramatikar, regissør, kritikar og bildekunstnar. Han emigrerte til Frankrike i 1987, og fekk fransk statsborgarskap i 1997.

Gao Xingjian
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
2000

Dei kinesiske makthavarane reknar han som dissident og har forbode verka hans.

I 2000 fekk Gao Nobelprisen i litteratur «för ett verk av universell giltighet, bitter insikt och språklig sinnrikhet, som öppnat nya vägar för kinesisk romankonst och dramatik».[1][2]

Verk omsett til norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Åndefjellet (《灵山》), omsett av Baisha Liu og Harald Bøckman, Aschehoug, 2002
  • Et menneskes hellige bok (《一个人的圣经》), omsett av Baisha Liu og Harald Bøckman, Aschehoug, 2004

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Wolfgang Wiesner: Die Seelenwanderung des Herrn Gao: Das literarische Werk des Gao Xingjian, omsett av Wolfgang Wiesner. Wiesner, Petershausen 2002. ISBN 3-9803061-8-6.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «for an œuvre of universal validity, bitter insights and linguistic ingenuity, which has opened new paths for the Chinese novel and drama».
  2. Niobeltildelinga i 2000 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gao Xingjian