Carl Spitteler
Carl Friedrich Georg Spitteler (pseudonym Carl Felix Tandem; fødd 24. april 1845; død 29. desember 1924) var ein sveitsisk diktar, forfattar, kritikar og essayist som i 1929 blei tildelt Nobelprisen i litteratur «med särskild tanke på hans mäktiga epos Olympischer Frühling.»[1][2]
| Nobelprisen i litteratur 1919 |
Innhaldsliste |
Liv og virke [endre]
Spitteler blei fødd inn i ein protestantisk familie som hadde tatt steget frå bonde- til advokat-/embetsmannsstanden. Frå 1849 voks han opp i Bern. Han studerte jus i Luzern og Zürich og seinare protestantisk teologi i Heidelberg (1867/68), sjølv om han var ateist. Han arbeidde frå 1871 som privatlærar i familien til ein finsk general. Inntrykka frå dette opphaldet finn ein seinare att i forteljingane Ei Ole og Das Bombardement von Åbo. Etter at han kom attende til Sveits arbeidde han ei stund som lærar og journalist, mellom anna som redaktør for kultursidene i Neue Zürcher Zeitung. I 1883 gifta han seg med den tidlegare eleven Maria Op den Hooff som han fekk to døtre med.
Under pseudonymet Carl Felix Tandem skreiv Spitteler i 1880-1881 tobindseposet Prometheus und Epimetheus der han moderniserer den antikke Prometheus-myten. Stilistisk unnveik Spitteler den rådande realisme-retninga, i staden finn ein slektskap med Arthur Schopenhauer og Friedrich Nietzsche. Spitteler korresponderte også med Nietzsche og skreiv omtaler av nokre av verka hans for Bern-avisa Der Bund.
I 1893 arva familien svigerfar til Spitteler og dei slo seg ned i Luzern der han levde som fri forfattar. Dei første verka og følgjande lyriske verk vekte liten åtgaum, og han slo først gjennom med Olympischer Frühling (1900–1905, «Olympisk vår») der Spitteler overførte figurar og handlingmønstre frå gresk mytologi til sin eigen samtid i rundt 20 000 vers. Han teikna eit dystert bilde av universet i desse mytologiske eventyra, i tråd med sitt eige pessimistiske syn på verda.
Verk [endre]
|
|
|
|
Litteratur [endre]
- Klaus-Gunther Wesseling: Spitteler, Carl. I: Biographisch-Bibliographisches Kirchenlexikon (BBKL). Band 18, Herzberg 2001, ISBN 3-88309-086-7, Sp. 1334–1344.
- Carl Spitteler: Unser Schweizer Standpunkt. Verlag Pro Libro, Luzern 2009, ISBN 3-9523406-9-3
Referansar [endre]
- ↑ "in special appreciation of his epic, Olympian Spring".
- ↑ Carls Spitteler på nobel-winners.com
Bakgrunnsstoff [endre]
- Verk av og om Carl Spitteler i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Verk av Spitteler på tysk Gutenberg
- Nobelpristildelinga 1919 på nobelprize.org
- Carls Spitteler på nobel-winners.com
- Carl-Spitteler-Stiftung
|
|
||
|---|---|---|
| 1901–1925 | Prudhomme (1901) · Mommsen (1902) · Bjørnson (1903) · Mistral, Echegaray (1904) · Sienkiewicz (1905) · Carducci (1906) · Kipling (1907) · Eucken (1908) · Lagerlöf (1909) · Heyse (1910) · Maeterlinck (1911) · Hauptmann (1912) · Tagore (1913) · Inga utdeling i 1914. · Rolland (1915) · von Heidenstam (1916) · Gjellerup, Pontoppidan (1917) · Inga utdeling i 1918. · Spitteler (1919) · Hamsun (1920) · France (1921) · Benavente (1922) · Yeats (1923) · Reymont (1924) · Shaw (1925) | |
| 1926–1950 | Deledda (1926) · Bergson (1927) · Undset (1928) · Mann (1929) · Lewis (1930) · Karlfeldt (1931) · Galsworthy (1932) · Bunin (1933) · Pirandello (1934) · Inga utdeling i 1935. · O’Neill (1936) · du Gard (1937) · Buck (1938) · Sillanpää (1939) · Inga utdeling i 1940–1943. · Jensen (1944) · Mistral (1945) · Hesse (1946) · Gide (1947) · Eliot (1948) · Faulkner (1949) · Russell (1950) | |
| 1951–1975 | Lagerkvist (1951) · Mauriac (1952) · Churchill (1953) · Hemingway (1954) · Laxness (1955) · Jiménez (1956) · Camus (1957) · Pasternak (1958) · Quasimodo (1959) · Perse (1960) · Andrić (1961) · Steinbeck (1962) · Seferis (1963) · Sartre (1964) · Sjolokhov (1965) · Agnon, Sachs (1966) · Asturias (1967) · Kawabata (1968) · Beckett (1969) · Solzjenitsyn (1970) · Neruda (1971) · Böll (1972) · White (1973) · Johnson, Martinson (1974) · Montale (1975) | |
| 1976–2000 | Bellow (1976) · Aleixandre (1977) · Singer (1978) · Elytis (1979) · Miłosz (1980) · Canetti (1981) · Márquez (1982) · Golding (1983) · Seifert (1984) · Simon (1985) · Soyinka (1986) · Brodsky (1987) · Mahfouz (1988) · Cela (1989) · Paz (1990) · Gordimer (1991) · Walcott (1992) · Morrison (1993) · Ōe (1994) · Heaney (1995) · Szymborska (1996) · Fo (1997) · Saramago (1998) · Grass (1999) · Gao (2000) | |
| Frå 2001 | Naipaul (2001) · Kertész (2002) · Coetzee (2003) · Jelinek (2004) · Pinter (2005) · Pamuk (2006) · Lessing (2007) · Le Clézio (2008) · Müller (2009) · Vargas Llosa (2010) · Tranströmer (2011) · Mo (2012) | |