Ivan Bunin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ivan Aleksejevitsj Bunin (russisk: Иван Алексеевич Бунин; fødd 10. oktoberjul./ 22. oktober 1870greg. i Voronezj; død 8. november 1953 i Paris) var ein russisk forfattar, lyrikar og omsettar.

Ivan Aleksejevitsj Bunin
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1933

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Han er mest kjend for sin realistiske prosa der hovudtemaet er livet på landsbygda i det førrevolusjonære Russland. Han held såleis fram den russiske 1800-tals tradisjonen med realistisk litteratur, jfr. Anton Tsjekhov, Leo Tolstoj og andre.

I 1933 blei Bunin som den første russar tildelt Nobelprisen i litteratur «for den strengt kunstnarlege måten han fortsette den klassiske russiske prosalitterære tradisjonen.»[1][2]

Ivan Bunin forlèt Sovjetunionen etter Oktoberrevolusjonen og busette seg i Frankrike. Som ein av dei siste forfattarane i den russiske «klassikargenerasjonen», blei han sett på med vørdnad under emigrasjonen. I verka sine frå denne tida tar han bestemd avstand frå Oktoberrevolusjonen og Sovjetunionen.

Sovjetregimet rehabiliterte han i 1956, og det blei lovleg å gje ut verka hans igjen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Thomas Gaiton Marullo. Ivan Bunin: Russian Requiem, 1885–1920: A Portrait from Letters, Diaries, and Fiction (1993, Vol.1)
  • Thomas Gaiton Marullo. From the Other Shore, 1920–1933: A Portrait from Letters, Diaries, and Fiction. (1995, Vol.2)
  • Thomas Gaiton Marullo. Ivan Bunin: The Twilight of Emigre Russia, 1934–1953: A Portrait from Letters, Diaries, and Memoirs. (2002, Vol.3)
  • Alexander F. Zweers. The Narratology of the Autobiography: An analysis of the literary devices employed in Ivan Bunin's The life of Arsenév. Peter Lang Publishing 1997 ISBN 0-8204-3357-8
  • Baldur Kirchner: Die Lebensanschauung Ivan Aleksejevic Bunins nach seinem Prosawerk. Tübingen. 1968
  • Karl Birkmann: Ich schlage langsam ein Kreuz… Russland zwischen Bunin und Solschenizyn. München: Markus. 1974. ISBN 3-920135-22-9

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "for the strict artistry with which he has carried on the classical Russian traditions in prose writing"
  2. Om Nobel-tildelinga på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ivan Bunin