Jacinto Benavente

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jacinto Benavente y Martínez (fødd 12. august 1866 i Madrid; død 14. juli 1954 same stad) var ein spansk dramatikar og journalist som i 1922 blei tildelt Nobelprisen i litteratur «för det lyckliga sätt varpå han fullföljt den spanska dramatikens ärofulla traditioner.»[1][2]

Jacinto Benavente
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1922

Innhaldsliste

Liv [endre]

Jacinto Benavente studerte jus i Madrid, men då faren døydde avbraut han studiet. Den store arven etter faren – ein kjent lege – gjorde det mogleg for Benavente å gjere lange reiser gjennom Europa. Attende i Spania skreiv han for aviser og tidsskrift. Seinare var han sjefsredaktør i tidsskriftet La vida literaria og arbeidde likeeins for tidsskrifta La Ilustración og El imparcial. Teaterstykket Gente conocida blei eit gjennombrot og var starten på ein glitrande karriere som heldt fram til han døydde. Dei nesten 200 skodespela han skreiv var ein stor vinst for utviklinga av det spanske teateret.

Benavente støtta Franco under den spanske borgarkrigen, noko som skada ryet hans, særleg i utlandet. Like fullt blir han rekna som grunnleggaren av det spanske teateret.

Referansar [endre]

  1. "for the happy manner in which he has continued the illustrious traditions of the Spanish drama."
  2. Nobeltildelinga 1922 på nobelprize.org

Verk i utval [endre]

  • La ciudad alegre y confiada (1916)
  • Los intereses creados (1908)
  • Su amante esposa (1950)

Litteratur [endre]

  • Brockhaus Nobelpreise. Chronik herausragender Leistungen. Bibliographisches Institut, Mannheim, 2. opplag 2004, ISBN 978-3765304910

Weblinks [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jacinto Benavente

Bakgrunnsstoff [endre]