Nelly Sachs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nelly Sachs (eigentleg Leonie Sachs; fødd 10. desember 1891 i Schöneberg i Berlin, død 12. mai 1970 i Stockholm) var ein tysk lyrikar og forfattar av jødisk avstamming.

I 1966 fekk ho og israelaren Samuel Josef Agnon Nobelprisen i litteratur; ho «för hennes framstående lyriska och dramatiska diktning, som med gripande styrka tolkar Israels öde[1][2]

Nelly Sachs, 1910
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1966
Frimerke med Nelly Sachs (2001)

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Sachs var det einaste barnet til Margarete Karger og oppfinnaren og fabrikanten William Sachs, og ho voks opp i eit kultivert, storborgarleg miljø. Som 15-åring blei ho så fascinert av debutromanen til Selma Lagerlöf, Gösta Berlings saga, at ho tok initiativet til ein korrespondanse som varde i over 35 år. Sachs skreiv sine første dikt 17 år gamal, og med hjelp av den austerrikske forfattaren Stefan Zweig fekk ho i 1921 gjeve ut si første diktsamling, Legenden und Erzählungen. Desse tidlege, melankolsk farga dikta er påverka av neoromantikken og med motiv som krinsar rundt natur og musikk. Ho tok ikkje med desse dikta då ho seinare gav ut sine samla verk.

Nelly Sachs levde eit tilbaketrekt liv saman med foreldra – faren døydde i 1930 – og tok lite del i samfunnslivet, noko som òg var naudsynt for jødar i 1930-talets Tyskland. Gestapo tok henne gjentekne gonger inn til forhøyr og folk frå SA plyndra huset deira. Familien var assimilerte jødar, men hendingane gjorde at ho blei meir medviten om sitt jødiske opphav. I byrjinga av krigen tok ho til å lese Erzählungen der Chassidim av Martin Buber og der ho fann att kjent mystisk tankegods, noko som gav henne styrke.

Saman med mora flykta ho til Stockholm i mai 1940; det var i aller siste liten då det allereie var gjeve ordre om transport til ein konsentrasjonsleir. I Sverige levde dei to i fattigslege omstende, Sachs tok til tider vaskejobbar, og ho og mora budde i ein eitroms leigebustad. Sachs tok til å lære svensk og omsette svensk lyrikk til tysk. Samstundes utvikla ho sin eigen lyrikk vekk frå den tidlegare romantiske stilen. Dikta ho skreiv i 1943-1944 kom ut i samlinga In den Wohnungen des Todes, og desse dikta av smerte og død er ei einaste klage for sitt plaga folk. I 1940 skreiv ho òg skodespela Eli og Abram im Salz.

Etter krigen skreiv Sachs i eit høgemosjonelt, tørt, men like fullt mjukt språk om holocaust-redslane. Dei to samlingane In den Wohnungen des Todes og Sternverdunkelung (1949) kom ut i DDR; korkje i Sveits eller Vest-Tyskland blei ho gjeve ut. Sternverdunkelung kom ut i Amsterdam i 1949 og fekk strålande kritikkar, men blei knapt lesen i den unge forbundsrepublikken. Den finansielle misera heldt fram for Sachs og mora, men dei heldt hovudet over vatnet takk vere oversetjingane.

Mora til Nelly Sachs døydde tidleg på 1950-talet, noko som var eit svært hardt slag, og Sachs budde mange år på mentalinstitusjon. Ho skreiv i desse åra òg, og på slutten av 1950-talet blei ho endeleg kjent over heile det tyske språkområdet. Diktsamlingane Und niemand weiß weiter og Flucht und Verwandlung kom ut i Hamburg, München og Stuttgart i 1957 og 1959 – desse dikta er påverka av fransk surrealisme.

10. desember 1966, på sin 75. fødselsdag, fekk ho (saman med Samuel Joseph Agnon) Nobelprisen i litteratur. Pengane gav ho til naudlidande, halvparten fekk den gamle veninna Gudrun Harlan som hjelpte henne med å flykte til Sverige. Dei siste åra tekte Sachs seg på ny heilt attende frå det offentlege livet. I tillegg til dei psykiske lidingane og enno eit opphald på ein institusjon for mentalt sjuke fekk ho kreft og døydde i mai 1970 på eit sjukehus i Stockholm. Ho er bisett på den jødiske gravplassen på Norra begravningsplatsen i Stockholm.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Diktsamlingar og verksutgåver[endre | endre wikiteksten]

  • In den Wohnungen des Todes. Med teikningar av . Aufbau-Verlag, Berlin 1947.
  • Sternverdunkelung. Gedichte. Bermann-Fischer/Querido, Amsterdam 1949.
  • Eli. Ein Mysterienspiel vom Leiden Israels. Forssell, Malmö 1951
  • Die Leiden Israels. 1951
  • Fahrt ins Staublose. Gedichte. Suhrkamp, Frankfurt a.M. 1961.
    • der ein finn Chor der Geretteten i: Andreas Lixl-Purcell (red.): Erinnerungen deutsch-jüdischer Frauen 1900–1990. Reclam, Leipzig 1992, ISBN 3-379-01423-0., s. 380f.
  • Zeichen im Sand. Die szenischen Dichtungen. Suhrkamp, Frankfurt a.M. 1962.
  • Suche nach Lebenden. Suhrkamp, Frankfurt a.M. 1971 (ny utgåve 1988).
  • Ausgewählte Gedichte. 1963
  • Landschaft aus Schreien. 1966
  • Teile dich Nacht. Gedichte. 1971
  • Gedichte. 1977
  • Frühe Gedichte und Prosa. 1983
  • Nelly Sachs – Werke. Kommentierte Ausgabe in vier Bänden. [3]
    • Bind I: Gedichte 1940–1950. Redigert av Matthias Weichelt. Suhrkamp, Berlin 2010, ISBN 978-3-518-42156-7.
    • Bind II: Gedichte 1951–1970. Redigert av Ariane Huml und Matthias Weichelt. Suhrkamp, Berlin 2010, ISBN 978-3-518-42157-4.
    • Bind III: Szenische Dichtungen. Redigert av Aris Fioretos, Suhrkamp, Berlin (erscheint Januar 2011), ISBN 978-3-518-42189-5.
    • Bind IV: Prosa und Übertragungen. Redigert av Aris Fioretos. Suhrkamp, Berlin 2010, ISBN 978-3-518-42190-1.
  • Gedichte. Redigert av G.H.H., hochroth Verlag, Berlin 2010, ISBN 978-3-942161-02-2.

Brev[endre | endre wikiteksten]

  • Ruth Dinesen, Helmut Müssener (red.): Briefe der Nelly Sachs. Suhrkamp, Frankfurt 1984, ISBN 3-518-04589-X.
  • Barbara Wiedemann (red.): Paul Celan - Nelly Sachs. Brevveksling. Suhrkamp, Frankfurt 1993, ISBN 3-518-40521-7 (1996 som Suhrkamp-Taschenbuch bind 2489, ISBN 3-518-38989-0).
  • Bernhard Albers (red.): Karl Schwedhelm - Nelly Sachs. Brevveksling og dokument. Rimbaud, Aachen 1998 ISBN 3-89086-856-8 (= Karl Schwedhelm: Gesammelte Werke, bind 6)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ruth Dinesen: Nelly Sachs i Neue Deutsche Biographie bind 22, Duncker & Humblot, Berlin 2005, s. 336 f.
  • Walter A. Berendsohn: Nelly Sachs: Einführung in das Werk der Dichterin jüdischen Schicksals. Med prosateksten Leben unter Bedrohung, eit utval av 30 brev frå åra 1946–1958 og ein rapport frå Nelly-Sachs-Sammlung i Dortmund. Kommentert av Manfred Schlösser. Agora, Darmstadt 1974, ISBN 3-87008-046-9.
  • Gudrun Dähnert: Wie Nelly Sachs 1940 aus Deutschland entkam. Mit einem Brief an Ruth Mövius. I Sinn und Form 2/2009, s. 226–257
  • Ruth Dinesen: Nelly Sachs. Eine Biographie. Suhrkamp, Frankfurt 1992, ISBN 3-518-40426-1
  • Apropos Nelly Sachs. Med eit essay av Gisela Dischner og ei mengd bilete. Verlag Neue Kritik, Frankfurt a. M. 1997, ISBN 978-3-8015-0309-3.
  • Gabriele Fritsch-Vivié: Nelly Sachs. Monografi. Rowohlt, Reinbek, 3. opplag 2001, ISBN 3-499-50496-0.
  • Petra Oelker: Und doch, am Ende steht wieder das Licht, wenn auch noch so fern. I Charlotte Kerner: Nicht nur Madame Curie. Frauen, die den Nobelpreis bekamen. Beltz, Weinheim 1999, ISBN 3-407-80862-3.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «for her outstanding lyrical and dramatic writing, which interprets Israel's destiny with touching strength»
  2. Nobeltildelinga 1966 på nobelprize.org
  3. Besprechung von Angelika Overath: Windharfe des Leids – Die Werke von Nelly Sachs in einer vierbändigen Gesamtausgabe. [1] Neue Zürcher Zeitung 24. desember 2010, henta 24. Dezember 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nelly Sachs
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Nelly Sachs