Odysseas Elytis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Odysseas Elytis (òg Odysseus, eigentleg Odysseas Alepoudelis; fødd 2. november 1911 i HeraklionKreta; død 18. mars 1996 i Aten) var ein gresk diktar og kunstnar som blir rekna som ein viktig representant for den romantiske modernismen.

I 1979 fekk Elytis nobelprisen i litteratur «för hans poesi som mot bakgrund av grekisk tradition med sinnlig styrka och intellektuell klarsyn levandegör en modern människas kamp för frihet och skapande.»[1][2]

Plakett i den venetianske loggia - Heraklion, Kreta
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1979

Liv[endre | endre wikiteksten]

Elytis sin familie flytta til Aten i 1914 der han seinare studerte jus. I 1935 stilte han ut nokre collage på den første internasjonale surrealistutstillinga i Aten og gav ut fleire dikt. Frå 1940 til 1941 var han secondløytnant i den første armédivisjonen ved den albanske fronten i krigen mot italienarane. Frå 1948 til 1952 og 1969 til 1972, under den greske militærjuntaen (1967-1974), budde han i Paris der han studerte filosofi ved Sorbonne.

Omsett til norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Το Άξιον Εστί (1959, To axion esti). Verdig det er, 1983, Oslo, Cappelen, omsett frå gresk med innleiing og kommentarar av Tore Frost og Egil A. Wyller. ISBN 82-02-09774-6

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Vincenzo Rotolo: The 'Heroic and Elegiac Song for the Lost Second Lieutenant of the Albanian Campaign'. The Transition from the Early to the Later Elytis, i Odysseus Elytis. Analogies of Light. Edited by Ivar Ivask. University of Oklahoma Press, 1975, s. 75–79; òg i Books Abroad, Vol. 49, No. 4 (Autumn, 1975), s. 690–695.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "for his poetry, which, against the background of Greek tradition, depicts with sensuous strength and intellectual clear-sightedness modern man's struggle for freedom and creativeness".
  2. Nobelprisen i litteratur 1979 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]