Eugenio Montale
Eugenio Montale (fødd 12. oktober 1896 i Genova; død 12. september 1981 i Milano) var ein italiensk forfattar. Han fekk i 1975 Nobelprisen i litteratur «för hans särpräglade diktning som med stor konstnärlig känslighet tolkat humana värden i tecknet av en illusionsfri livssyn.»[1][2]
| Nobelprisen i litteratur 1975 |
Innhaldsliste |
Liv [endre]
Montale var den yngste av dei seks barna til ein forretningsdrivande frå Genova. I 1917 blei han innkalla til krigsteneste og opplevde det siste krigsåret ved fronten i Sør-Tirol. Etter krigen budde han i Genova og byrja interessere seg for litteratur. Han blei kjend med forfattarar og kritikarar og var i 1922 med på å grunnlegge tidsskriftet Primo tempo.
Allereie den første boka hans Ossi di seppia (1925) gjorde han til ein kjend forfattar. I 1927 flytta han til Firenze og i 1929 blei han spurd om å leie det kjende biblioteket Gabinetto Vieusseux. Denne posten mista han i 1938 av di han nekta å gå inn i fascistpartiet. Året etter gav han ut si andre og kanskje beste diktsamling, Le occasioni. Den tredje, La bufera e altro, kom i 1956 og i 1971 gav han ut diktsamlinga Satura. I dikta sine skildrar han ofte landskap i Liguria.
Montale skreiv ganske få verk, fire korte lyrikksamlingar, ein quaderno («læreverk») i omsetting av poesi, fleire bøker om prosaomsetting, to bøker om litteraturkritikk og ei om prosa. Han arbeidde for florentinske aviser og frå 1948 for Corriere della Sera i Milano.
Verk [endre]
- 1925 - Ossi di seppia (omlag «Blekksprutknoklar»). Andre utgåve med seks nye dikt og innleiing av Alfredo Gargiulo i 1928. Tredje utgåve i 1931[3]
- 1939 - Le Occasioni (om lag «Tilfella»)
- 1943 - Finisterre
- 1956 - La bufera e altro (om lag «Stormen og andre ting»)
- 1956 - Farfalla di Dinard.
- 1971 - Satura
- 1973 - Diario del '71 e '72
På norsk [endre]
- 1976 - Sommerfugl i Dinard Oslo, Aschehoug Fontene, omsett av Sigrid Omland Hansteen. ISBN 82-03-07823-0. Original: Farfalla di Dinard (1956)
- 1995 - Annerledes, Oslo, Oktober, 93 s. Utval og omdikting ved Heidi Bonde og Rune Christiansen. ISBN 82-7094-742-3, ib., 82-525-2869-4, ebok
Litteratur [endre]
- Winfried Wehle: Hüterin der Übergänge. Leben im Medium der Sprache: über Montales Lyrik. I: Kirsten Hagen, Claudia Hoffmann (red.): Intermedia. Eine Festschrift zu Ehren von Franz-Josef Albersmeier. Romanistischer Verlag, Bonn 2007, ISBN 978-3-86143-180-0, S. 195–207 (Abhandlungen zur Sprache und Literatur 171), online (PDF; 44 KB).
- Pietro Montorfani: „Il mio sogno di te non è finito“. Ipotesi di speranza nell'universo montaliano. I: Sacra doctrina. 55, 2010, ZDB-id 302215-8, s. 185-196.
Referansar [endre]
- ↑ "for his distinctive poetry which, with great artistic sensitivity, has interpreted human values under the sign of an outlook on life with no illusions".
- ↑ Nobeltildelinga 1975 på nobelprize.org
- ↑ Eugenio Montale, Collected Poems 1920-1954, omsett og redigert av Jonathan Galassi, New York: Farrar, Strauss and Giroux, 1998, ISBN 0374125546
Bakgrunnsstoff [endre]
- Verk av og om Eugenio Montale i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Nobeltildelinga 1975 på nobelprize.org
- Nokre dikt omsett til engelsk
|
|
||
|---|---|---|
| 1901–1925 | Prudhomme (1901) · Mommsen (1902) · Bjørnson (1903) · Mistral, Echegaray (1904) · Sienkiewicz (1905) · Carducci (1906) · Kipling (1907) · Eucken (1908) · Lagerlöf (1909) · Heyse (1910) · Maeterlinck (1911) · Hauptmann (1912) · Tagore (1913) · Inga utdeling i 1914. · Rolland (1915) · von Heidenstam (1916) · Gjellerup, Pontoppidan (1917) · Inga utdeling i 1918. · Spitteler (1919) · Hamsun (1920) · France (1921) · Benavente (1922) · Yeats (1923) · Reymont (1924) · Shaw (1925) | |
| 1926–1950 | Deledda (1926) · Bergson (1927) · Undset (1928) · Mann (1929) · Lewis (1930) · Karlfeldt (1931) · Galsworthy (1932) · Bunin (1933) · Pirandello (1934) · Inga utdeling i 1935. · O’Neill (1936) · du Gard (1937) · Buck (1938) · Sillanpää (1939) · Inga utdeling i 1940–1943. · Jensen (1944) · Mistral (1945) · Hesse (1946) · Gide (1947) · Eliot (1948) · Faulkner (1949) · Russell (1950) | |
| 1951–1975 | Lagerkvist (1951) · Mauriac (1952) · Churchill (1953) · Hemingway (1954) · Laxness (1955) · Jiménez (1956) · Camus (1957) · Pasternak (1958) · Quasimodo (1959) · Perse (1960) · Andrić (1961) · Steinbeck (1962) · Seferis (1963) · Sartre (1964) · Sjolokhov (1965) · Agnon, Sachs (1966) · Asturias (1967) · Kawabata (1968) · Beckett (1969) · Solzjenitsyn (1970) · Neruda (1971) · Böll (1972) · White (1973) · Johnson, Martinson (1974) · Montale (1975) | |
| 1976–2000 | Bellow (1976) · Aleixandre (1977) · Singer (1978) · Elytis (1979) · Miłosz (1980) · Canetti (1981) · Márquez (1982) · Golding (1983) · Seifert (1984) · Simon (1985) · Soyinka (1986) · Brodsky (1987) · Mahfouz (1988) · Cela (1989) · Paz (1990) · Gordimer (1991) · Walcott (1992) · Morrison (1993) · Ōe (1994) · Heaney (1995) · Szymborska (1996) · Fo (1997) · Saramago (1998) · Grass (1999) · Gao (2000) | |
| Frå 2001 | Naipaul (2001) · Kertész (2002) · Coetzee (2003) · Jelinek (2004) · Pinter (2005) · Pamuk (2006) · Lessing (2007) · Le Clézio (2008) · Müller (2009) · Vargas Llosa (2010) · Tranströmer (2011) · Mo (2012) | |