Luigi Pirandello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Luigi Pirandello (fødd 28. juni 1867 i Girgenti, dagens Agrigento, på Sicilia; død 10. desember 1936 i Roma) var ein italiensk forfattar. Han blir rekna som ein av dei viktigaste dramatikarane på 1900-talet og fekk i 1934 Nobelprisen i litteratur «för hans djärva och sinnrika nyskapelse av dramats och scenens konst.»[1][2]

Luigi Pirandello i 1934
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1934

Liv[endre | endre wikiteksten]

Faren dreiv ei svovelgruve og Pirandello blei fødd på det lille godset Caos (dvs. «Kaos») ved Agrigento. Han voks opp i Agrigento og Palermo. Allereie i skoletida gav han ut dei første litterære forsøka sine. Han studerte romanistikk i Roma i 1888-1889 og i Bonn i åra 1889 til 1891. Etter avlagt eksamen arbeidde han som universitetslektor.

I 1892 slo han seg ned i Roma og arbeidde som fri forfattar og arbeidde som journalist. Seinare fekk han arbeid ved det pedagogiske akademiet i Roma og blei i 1907 utnemnd til professor. Den første suksessen fekk Pirandello med romanen Mattia Pascal (1904). I 1910 tok han til å skrive skodespel og vann seg etter kvart verdensry som dramatikar. I 1924 opna han sitt eige teater, Teatro d'Arte, i Roma. På grunn av manglande økonomisk suksess reiste han på turnear gjennom Europa og Sør-Amerika. Teatergruppa blei oppløyst i 1928.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Pirandello skreiv hovudsakleg skodespel, men også kortare forteljingar og noveller som fekk mykje positiv merksemd. Romanen Mattia Pascal som i dag står på mange pensumlister blir rekna til dei viktigaste italienske romanane og grunnsteinen for den moderne italienske litteraturen. I novellene utvikla han ofte tankane sine i form av sicilianske legender eller italienske hendingar. Pirandello skreiv over 350 noveller, hovudsakleg med realistiske tema frå italiensk og siciliansk kvardagsliv. Lyrikken hans fekk mindre merksemd.

Filmen Kaos (1984) regissert av Paolo og Vittorio Taviani bygger på fem av Pirandello sine noveller. Temaet er den fattige landarbeidarklassen på Sicilia rundt år 1900.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Byste over Pirandello i ein park i Palermo

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • Pensaci Giacomino! 1918. Omsett til norsk i 1963: Tenk deg om, Giacomino
  • Così è (se vi pare), 1918. Omsett til norsk i 1967: Som du vil ha meg
  • Tutto per bene, 1920
  • Come prima meglio di prima, 1921
  • Sei personaggi in cerca d'autore, 1921. Omsett til norsk i 1966: Seks personer søker en forfatter
  • L'uomo, la bestia e la virtu, 1922
  • La signora Morli una e due, 1922
  • Enrico IV, 1922. Omsett til norsk i 1957: Henrik IV
  • La vita che ti diedi, 1924
  • L'innesto
  • Il giuoco delle parti
  • Il berretto a sonagli
  • Sagra del signore della nave
  • L'altro figlio
  • La giara
  • Il piacere dell'onesta
  • La ragione degli altri
  • Ma non e una cosa seria
  • Vestire gli ignudi. Omsett til norsk i 1964: For å skjule sin nakenhet
  • L'imbecile
  • L'uomo dal fiore in bocca. Omsett til norsk i 1993: Mannen med blomsten i munnen
  • All'uscita
  • Lumie di Sicilia
  • Cece
  • La patente
  • Diana e la Tuda
  • Il dovere del medico
  • La morsa
  • L'amica delle mogli
  • La nuova colonia
  • Liolà
  • O di uno o di nessuno
  • Lazzaro
  • Questa sera si recita a soggetto
  • Come tu mi vuoi
  • Trovarsi, 1932. Omsett til norsk i 1963: Å finne seg selv
  • Quando si e qualcuno
  • Non si sa come
  • I giganti della montagna, 1937
  • Samleutgåve: Maschere nude, 31 bind, 1920-1935

Romaner[endre | endre wikiteksten]

  • L'Esclusa, 1893
  • Il Turno, 1902
  • Erba del nostro orto, 1915
  • Il Fu Mattia Pascal, 1904. Omsett til norsk i 1935: Avdøde Mattias Pascal
  • Uno, Nessuno e Centomila, 1926

Noveller[endre | endre wikiteksten]

  • Novelle per un anno, 15 bind, 1922-1937
  • Sol og skygge er eit utval noveller utgjevne på norsk i 1995. ISBN 82-05-22798-5

Dikt[endre | endre wikiteksten]

  • Mal Giocondo
  • Pasqua di Gea
  • Elegie Renane
  • La Zampogna
  • Fiore di Chiave

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

Pirandello i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fleire av Pirandello sine teaterstykke er oppførde på Nationaltheatret:

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Thomas Klinkert og Michael Rössner (red.): Zentrum und Peripherie: Pirandello zwischen Sizilien, Italien und Europa. Erich Schmidt Verlag, Berlin 2006, ISBN 978-3-503-07979-7
  • Henning Mehnert: Pirandellos „Enrico IV“ und das Problem der multiplen Persönlichkeit. I Germanisch-Romanische Monatsschrift. 1978, s. 325ff.
  • Cornelia Klettke: Luigi Pirandello, Sei personaggi in cerca d’autore. I Manfred Lentzen (red.), Italienisches Theater des 20. Jahrhunderts in Einzelinterpretationen. Erich Schmidt Verlag, Berlin 2008, pp. 87-113.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "for his bold and ingenious revival of dramatic and scenic art".
  2. Nobeltildelinga 1934 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Luigi Pirandello