José Echegaray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
José Echegaray
José Echegaray y Eizaguirre.jpg
Nasjonalitet Fransk
Fødd 19. april 1833, Madrid
Død 4. september 1916 (83 år), Madrid
Yrke Dramatikar og politikar
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1904

José Echegaray y Eizaguirre (fødd 19. april 1833 i Madrid, død 4. september 1916 same stad) var ein spansk dramatikar og politikar som med sine neoromantiske verk i stor mon bidrog til videreutviklinga av den spanske dramatikken. Stykka hans blir oppførde over heile Europa.

I 1904 fekk han og Frédéric Mistral Nobelprisen i litteratur. Svenska Akademien gav prisen til Echegaray «med avseende fäst å hans omfattande och snillrika författarskap, som på självständigt och originellt sätt återupplivat det spanska skådespelets stora traditioner.»[1][2]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Echegaray blei fødd i Madrid, men voks opp i Murcia. Han kom seinare attende til Madrid for å studere ingeniørvitskap ved Escuela de Caminos. Etter å ha avlagd eksamen i 1853 arbeidde han nokre månader som ingeniør og deretter som dosent ved Escuela de Caminos til 1868. I 1857 gifta han seg med Ana Perfecta Estrada som han fekk ei dotter med.

I 1866 blei han tatt opp i det spanske akademiet for naturvitskap ( Academia de Ciencias Físicas, Exactas y Naturales), i seinare år var han president. Ei interesse for økonomifage vakna etter at han blei kjend med økonomen Gabriel Rodríguez på Escuela de Caminos.

Då Spania fekk eit institusjonelt monarki etter revolusjonen i 1868, tok Echegaray del i debattane ved parlamentet og fekk seinare ein ministerpost med ansvar for finansar og økonomisk utvikling. Som finansminister grunnla han den spanske banken og innførde papirpengar. Etter at han opplevde suksess med dramaet El libro talonario (1874) la han ned sine embete, men tok framleis del i det politiske livet og blei finansminister på nytt i 1905.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Echegaray skreiv over 70 skodepel på vers og prosa. Han endra den litterære stilen sin fleire gonger, men var likevel tru mot den romantiske spanske skolen. Som ein av dei siste representantane for denne retninga let han seg påverke av andre europeiske forfattarar, som til dømes Henrik Ibsen, Alexandre Dumas og Hermann Sudermann. Echegaray publiserte ofte under pseudonyma Jorge Hayaseca og Jorge Hayaseca y Eizaguirre. Verka hans viste vegen for dramatikaren Jacinto Benavente som fekk Nobelprisen i litteratur for 1922.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • La esposa del vengado (drama, 1874)
  • O locura, o santidad (drama, 1877)
  • En el seno de la muerte (drama, 1879)
  • La muerte en los labios (drama, 1880)
  • El gran Galeoto (drama, 1881)
  • Vida alegre y muerte triste (drama, 1885)
  • De mala raze (drama, 1886)
  • Mariana (drama, 1892)
  • Mancha que limpia (drama, 1895)
  • Herencias malas (drama, 1902)
  • En el puño de la espada (drama, 1875)
  • En el pilar y en la cruz (drama, 1878)
  • Conflicto entre dos deberes (1882)
  • El hijo de Don Juan (drama, 1892)




Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «in recognition of the numerous and brilliant compositions which, in an individual and original manner, have revived the great traditions of the Spanish drama»
  2. Nobelpristildelinga 1904 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: José Echegaray